Matprat i London | England




1. Hummingbird Bakery
Ja, eg veit, eg veit. Det er ein forferdeleg klisjé, men det er ein grunn til at kakene til Hummingbird Bakery er verdskjende. Det er komisk, fordi eigentleg er eg ikkje ein cupcake/kjeks/muffins/kake/glasur-person, men likevel var eg fast bestemt på å stikke innom eit av Hummingbird-bakeria i London. Butikken i South Kensington, der eg gjekk, var ganske liten og trong, så det var ikkje så mykje plass til å hmm-a eller ååå-a om eg skulle velja eit stykke av regnbogekaka eller ein Red Velvet-cupcake.



Med slikt tidspress bestemte eg meg for å velja noko trygt og kjenneleg, altså sjokolade: ein sjokolade-cupcake og ein sjokoladekjeks-cupcake. For å unngå at mykje av glasuren hamna i bosset, valde eg to som ikkje hadde eit altfor tjukt, eller dekorert, lag av glasur på. Glasur og eg har ei historie, ser du. Me har hatt våre konfliktar. Begge av dei ovanfor var absolutt nydelege på smak, skjønt eg føler at eg bør vera meir eventyrleg neste gong og velja noko heilt nytt! Kanskje eg skal prøva den ultraraude Red Velvet Cake likevel! Uansett, likar du amerikansk mat like mykje som eg gjer, er dette eit bakeri du må besøka!


2. Ottolenghi
Nok ein klisjé kanskje, men eg er forferdeleg svak for den israelske kokken Yiram Ottolenghi og oppskriftene hans (spesielt den fantastiske sjokoladekaka hans!), så eg var gira på å besøka ein av restaurantane hans i London når eg fyrst var i byen. Rett nok er det knalldyrt, men maten ved Ottolenghi er verd kvart einaste pund. Eg enda opp med å betala heile £22 for grilla laks med valnøtt- og Roquefort-saus, ein fylt aubergine, lilla- og kvit blomkål-salat, chili-brokkolisalat og eit lite ostebrød, som eg åt under eit stort tre i Kensington Park. Eit 'must'.




3. The Nordic Bakery
''Dra til Nordic Bakery når du drar til London, og prøv brødet deira. Dei er dritgode'' vart eg fortald av romkameraten i Montréal. Sidan han var ein brite som såg ut som om han kunne kjenna att ein god bolle, fylgde eg rådet hans og vandra til Nordic Bakery ved Piccadilly Circus for å prøva det han sa var ''du veit, skandinaviske brød-ting.'' Nemleg. Eg var litt skuffa då eg oppdaga at 'nordisk' nesten berre betydde finsk mat, med eit par svenske brød, men likevel var det godt å få eta ein kanelsnurr igjen, og kjenna den etterlengta, eksplosive nordiske kanel-kardemommekombinasjonen. Dei lagar dessutan  gode smørbrød.

4. Artisan du chocolat
Som du kanskje har skjøna, er folk som lagar mat frå botn av med lokale råvarer, noko eg legg vekt på. Artisan du chocolat, som Gordon Ramsay kalla ''Bentley-en av sjokolade'', er ein av dei få britiske sjokoladebutikkane som lagar sjokolade frå heimekverne kakao. Eg kjøpte sjokolade for, ahem, £15, inkludert gode, kakao-dekte trøflar (dei beste eg har hatt utanfor Belgia), og fleire gode kvite-, mjølke- og mørke sjokoladar å gomla på. Sjokolade er ikkje kos eller snop, men rein gourmet-mat, så det er vel verdt å bruka eit par ekstra pund for å få skikkeleg kvalitet! Dei har også ein kjend tobakk-sjokolade for dei av oss som er modige nok (altså ikkje meg...)
 
5. Apostrophe Café
Det er heilt fantastisk å finna nye kafear i byen heilt på eiga hand. Inga guidebok, ikkje noko matblad, ikkje Internet, berre reint hell. Då eg tilfeldig vandra forbi Apostrophe Café, var det ei slik hending. Eit raskt blikk på eit skilt utanfor fortalde meg at denne kafeen har vore nummer to i Time Out sin ''Beste kaffikopp i London''-konkurranse, og ettersom eg er som ei som elskar kaffi, er det noko som umiddelbart gjer meg nysgjerrig. Det er ei kjede,  men ei god ei, og eit fantastisk avbrot frå kjaset og maset i ein storby som London. God kaffi var det også :)

6. Clarke's
Skandinavar elskar som kjent brød – fanatisk av og til – og etter 10 veker i dei amerikanske kontinenta, der brød er seriøst undervurdert, var eg glad for å vera tilbake i Europa. No er vel ikkje London akkurat Paris når det kjem til bakeri, men dei har eit par gode, og Sally Clarke sitt herlege bakeri i South Kensington er eit av dei. Bakeriet er godt på surdeigar, og tilbyr ei heil rekkje av mange forskjellige brød, middags-terter og søte paiar.











7. Borough Market
Eg hadde berre to heile dagar til å matutforska London. ''Tøft liv,'' seier du, og eg er samd. Med så kort tid som dette måtte eg pragmatisk velja berre mine ''må besøka''-butikkar. Det er alltid plagsamt, men slik er det. På toppen av lista mi er den verdskjende og sjarmerande Borough Market i Southwark, den eldste frukt- og grønsaksmarknaden i byen. Om du elskar marknadar slik som eg gjer, er denne definitivt den du ikkje skal gå glipp av i London.

Det eg likar mest med Borough Market, er alt det britiske dei sel. Som du kanskje har lagd merkje til, er lokale råvarer spesielt noko eg er glad i, og eg er ikkje gira på importerte utanlandske varer, spesielt ferske. Når det er sagt, har marknaden òg ei imponerande rekkje av franske, sveitsiske og italienske ostar i ein skala eg ikkje har sett sidan eg flytta frå Frankrike. For ein fanatisk caseofil slik som eg, var det fantastisk. Det einaste galne var eg ikkje kunne ta noko med meg heim! Prøv gatematen deira til lunsj (i mitt tilfelle steikt andesmørbrød), eller ei av frukt- eller grønsaksdrikkene på sal. Forferdeleg gode :)


8. Monmouth Coffee
Trass i den lange køen utanfor, kjem folk i flokk og fylgje for å få seg kjøpt ein kopp av den gode, og relativt billige, kaffien. Monmouth Coffee er ein 'vintage' liten kafé med eit stort trebord dekt med allslags brød, syltetøy og pålegg, og eit stort utval av wienerbrød på eit anna bord. Det var ein utruleg søt kafé å nyta frukosten min – to ferske croissantar - i. Dei var gode, og eg var svolten. Besøker du London ein gong, og spesielt om du stikk innom Borough Market, marker kafeen på kartet med ein tjukk, raud tusj så du ikkje går glipp av dette snadderet.

*eit lite tillegg: leitar du etter ei god pub-oppleving, sjekk ut Royal Oak Pub i Tabardgata. Det er ein utruleg sjarmerande viktoriansk pub med tradisjonell øl og mat, t.d. steak and ale pie, steak and kidney pie osb.  Vel verdt eit besøk!