Oslo var siste stoppen min før eg reiste heim denne sommaren. Eg elskar den byen. Han har slik ein skjønn energi, og folk er som regel positive og venlege. God mat er det også, frå utanlandske restaurantar til koselege kafear og gode bakeri. Men sidan det er den dyraste byen i verda, kan det verkeleg vera farleg for budsjettet å eta ute i Oslo! Og sidan eg nett hadde vorte ferdig med ein lang ryggsekktur og var gira på å koma heim, fann eg berre tid til éin matplass, nemleg Mathallen.
Om du berre har tid for eit einaste matbesøk i Tigerstaden, er det Mathallen du må besøka! Det er slik ein fantastisk stad for norsk matkultur, og greitt om du vil ha lunsj eller noko lite å gomla på. For det meste ligg fokuset på norske produsentar (slik som onkelen min!), sjølv om det er eit par utanlandske importørar også. Favoritt-avdelinga mi var, til ingen si store overrasking, osteseksjonen. Den norske osteindustrien vert berre betre og betre, og i desse dagar kan du finna veldig god lokalost på marknaden. Til dømes sel ein gard her på Jæren geitosten sin til nokre av verdas beste restaurantar, inkludert Noma i København. Dei sel deira ost, og mange, mange meir, i Mathallen. Det er fantastisk spennande!