El Calafate, eit fint fyrsteinntrykk av Argentina



Argentina har gjort meg så glad at eg ikkje har tenkt på å gå på datamaskinen. Det er berre at eg føler eg bør, sidan de heime sikkert lurar på kvifor eg kjenner meg så lukkeleg i dette landet. Det er ikkje kulturen. Det er delar av den eg likar, og delar eg ikkje likar. Det er heller ikkje byane, eller naturen, vakre som dei begge er. Heller ikkje er det maten, faktisk, trass i matorgasmen eg får kvar gong eg et lam frå Patagonia, eller luktorgasmen eg får kvar gong eg går forbi ein parilla. 


Nei, kjelda til lukka mi er vêret. Argentina er kjøleg! Og mørkt! Eg forstår aldri kvifor folk meiner mørke og kaldt vêr er deprimerande. Eg synest det er oppmuntrande. Det er meir koseleg. Det er meir stemningsfullt. Eg kan gå med dei lilla ullsokkane syster mi strikka til meg. Og store fleecejumprar. Og kravla under dyna med ei lommelykt og ei god bok. Det einaste som manglar, er ein peis (kvifor har dei ikkje det?), og eit kjøkken der eg kan laga kakao (med små marshmallows!)

Eg har brukt ein god del tid på å lesa i bibliotek-kafear og i senga mi. Sjølv om eg lova meg sjølv at eg ikkje skulle kjøpa ei bok til i år (etter ei hending i Baskarland då eg kjøpte ikkje mindre enn elleve bøker av Voltaire og Victor Hugo. På fransk), kunne eg ikkje unngå freistinga på flyplassen i Bogota (det var jo sal...) Og når eg fyrst går inn i ein bokhandel, kan eg jo ikkje gå ut utan å ha kjøpt ei bok eller fem. Det er slik eg er. Mor seier eg var slik då eg var liten òg, så det er vel i DNA-et mitt. Dessutan voks eg opp ved eit universitet, så me kan i grunnen skulda på mor og far. Og fortel meg, kva for eit vaksent, friskt menneske kan gå forbi ein Hemingway eller ein New York Times bestseljande biografi om JFK, og ikkje kjøpa ho? 




No er eg heilt på villspor som vanleg... Uansett, her er fire tilfeldige ting eg gjorde i El Calafate: 
1.Handla ullundertøy
Du veit du byrjar å verta gamal når du reiser heilt til Sør-Argentina, og det fyrste du gjer der, er å kjøpa ullundertøy. Eg trudde verkeleg det kom til å vera kaldt i Patagonia, spesielt ved isbreen (sjå nedanfor), sidan det var vinter. Men det er det ikkje. Ikkje eigentleg. Vinter, altså. Det var ingen snø, og temperaturen fall aldri under 0 grader. Det kallar eg ein tørr september. Uansett, eg trudde det skulle vera kaldare, og eg handla ullundertøy. Den einaste grunnen til at eg nemnar dette, er at heile byen El Calafate (eg skriv by på same måte som Bryne eller Sandnes er ein by. Det er meir ei stor landsbygd), er full av skiutstyr- og kaldvêr-sportsutstyrsbutikkar. Å finna ullundertøy er enkelt. Å finna vanlege bukser er nesten umogleg. Eg tenkte berre at du trong å vita det. 



2.Køyrde i ørkenen
Det overraskar deg kanskje at Patagonia faktisk er verdas tredje største ørken, etter Gobi-ørkenen og Sahara (om du omset dette til dei rette språka, så sa eg eigentleg berre "verdas tredje største ørken, etter ørken-ørkenen og ørken"!) Det ser på ingen måte ut som ørkenen i Alladin, men steppene er tørre og berre. Å køyra gjennom han ved soloppgang er ei oppleving lik inga anna: kjelvene vert gyldne, og Andes-fjella rundt skin. Vinter er også tida for å sjå dyreliv i Patagonia, og eg var heldig som fekk sjå ein god del dyr: mangfaldige ørnar, kondorar og haukar, eit par mindre nanduar - den sør-amerikanske strutsen - springande over vegen, og min personlege favoritt, flokkar av guanaco - lamaen sitt sørlege syskenbarn. Eg vart fortald at eg kanskje kunne få sjå ein puma, men diverre såg eg ingen. Trist. Landskapet var uansett nydeleg. 



3.Besøkte Perito Moreno
Perito Moreno er grunnen til at eg drog bagasjen min heile vegen ned til El Calafate frå Bogota i fyrste omgang. Det er ikkje det at eg ville sjå ein isbre i seg sjølv - eg har sett og gått på ein før, og me har jo mange heime i Noreg. Det var nettopp Perito Moreno eg ville sjå. Med ei høgde på 60 meter, og eit areal større enn Buenos Aires (ein by på nesten tre millionar), kan eg trygt erklæra at han er stor. Men det som viktigare er, det er den einaste isbreen på jord som ennå veks. Eg hadde aldri sett ein isbre som veks før, så eg tenkte at det kunne vera ein god ide å sjå ein no som eg fyrst var i Sør-Amerika. Eg vart litt skuffa då eg ikkje fysisk såg at han voks, sjølv om eg stira på han i fem timar. Typisk. Men fin var han. 
 



4. Braut meg inn i ein nasjonalpark (eller vandra inn utan å betala)
Det var eigentleg ikkje ein rebellsak, skjønt eg hatar konseptet med å betala for å sjå natur (eg synest det er feil, på same måten som det å nekta folk reint vatn, eller oksygen, eller sjokolade.) Nei, men du må forstå at eg og Issa (som verken er namnet eller kallenamnet hennar), mi brasilianske venninne, ville sjå flamingoane. Flamingoane? Ja, flamingoane. Trudde du flamingoar berre budde i varme, tropiske område slik som Brasil? Det gjorde eg òg. Heilt til eg såg bataljonen i Lago Argentino ("Kvifor er det flamingoar i innsjøn?"), og vart fortald at dei var innfødde, skjønt dei vanlegvis migrerer om vinteren. Det var visst ikkje berre eg som syntest det ikkje var nokon særleg vinter. 
Uansett, Issa og eg hoppa spontant inn i parken etter å ha tenkt oss om, og vandra over det frosne sumpområdet mot flamingoane. Me hadde ikkje lyst til å forstyrra dei, berre koma nær nok til å ta eit godt bilete. Me kom aldri så langt. Jorda vart meir og meir våt jo nærare flamingoane sin innsjø me kom, og skoa våre vart raskt eit sumpområde for seg sjølv. Så me snudde, og vandra tilbake til asfalten sin tørre tryggleik.