Eg
elskar kaffi. Tanken åleine gler meg frå morgon til kveld, og som
ei som ikkje likar å vera engasjert tidleg om morgonen (berre prøv
å snakka med meg før eg har fått i meg kaffien, du!), er dette
ofte nok til å få den livlause kroppen min ut or senga. Når eg er
ute og reiser, skal det meir til før eg villig og frivillig drar meg
vekk frå dyna, og det er ikkje alltid berre berre.
Du veit nok kva eg meiner. Det er sjeldan du finn ein person som likar å verta vekt frå ein djup dvale, med unntak av eit par eg ikkje skal nemna. Eg er sikker på at eit foster hadde mislika å verta tatt or magen til mor si før tida var inne, og greitt, eg er ikkje akkurat ein baby lenger, men eg kan sympatisera.
På omvisinga fekk eg eit lite innblikk i korleis kaffiproduksjonen fungerer, frå planting, til hausting, tørking, brenning og leveranse. Etter ei kaffibønne er planta (ofte i sand, fordi det er fuktigare), tek det åtte veker før ho spirer. Når blad og røter er ferdig utvikla, kallar dei planten for ein chapola. Chapolen vert deretter lagd inn i svarte plastsekker med jord, almacigo. Etter fem månadar, når planten har ein høgde på omlag 40 cm., vert almacigoen ein colinos og kan veksa i jorda på plantasjen saman med dei andre buskane. Det tek fire år for ein plante å få bønner gode nok for produksjon, og plantane veks under sitron- og appelsintre, slik at dei får nok skygge til å gro.
I Colombia gror berre Arabica-kaffien, og bønnene er handplukka, i motsetning til Brasil, til dømes, der dei brukar maskin. Med maskin kjem også grøne og umodne bønner, og kaffismaken vert dårlegare. ''Det er difor kaffien vår er betre, skjønar du!'' Ein annan forskjel er at kaffien i Colombia gror i kalde fjell, og bønnene vert difor søte og milde. Brasiliansk og aust-afrikansk kaffi gror mellom 0-800 m.o.h, og kaffien vert dermed sterk og meir bitter. Etter plukking vert bønnene tørka, og bønnene heiter pergamino-kaffi på dette stadiet. Bønnene har òg eit veldig tynt lag som vert fjerna i ein treskemaskin. Deretter er dei klare for å verta brende. Bønnene vert brende ved 210°C i omlag 40 minutt, og i prosessen vert dei større (høyrer du godt etter, høyrest brenning av kaffi litt ut som poppande popkorn.) For å stengja porene, vert litt vatn spreidd over bønnene, slik at dei ikkje mistar aromaen og smaken. Etter brenninga vert nokre av bønnene kverna, og alle vert pakka etter kvalitet.
Som ei avslutning på besøket, fekk me ikkje berre prøva kaffien, men delta i ei kaffismaking, der me fekk smaka forskjellen på god, medium og dårleg kaffi osb. Om kaffien er lite brend, vert han syrleg (norsk kaffi treng altså å få brenna meir!), mellombrende bønner lagar mild og søt kaffi, og overbrend kaffi smakar tre. Eg følte meg litt flau der eg stod saman med profesjonelle kaffiekspertar, og skulle dømma dei forskjellige kaffiane etter kvalitet, men dei vart visstnok imponerte av meg. Eg har tilsynelatande ein god nase.
Lunsj var også inkludert, og i mitt tilfelle vart det grilla kanin med salsa roja, ost og potetar og limonade, før det bar tilbake opp Andes-fjella og til Bogotá. Eg kjem til å koma tilbake med meir om Bogotá, men ikkje ennå.