El Dorado | Colombia



La oss vera ærlege: Colombia har litt av eit rykte på seg.

Då eg annonserte til familie og vener at eg skulle til Colombia på ferie, var den vanlege reaksjonen omlag slik: ''Har du gått frå vettet?'' Kvifor ikkje dra til Brasil eller Peru heller?

Fordi Colombia er dritkult, vel. 
 
Folk flest tenkjer sikkert på kokain, kaffi, Pablo Escobar, Gabriel García Márquez eller Shakira når Colombia vert nemnd. Dei som veit litt meir, tenkjer kanskje på edle smaragdar, la violencia eller FARC. Dei som verkeleg kan sitt, hugsar gjerne at Pablo Escobar pla bruka $2,500 per månad på gummistrikkar til å binda pengane sine saman med (han var altså styrtrik), eller at Andrés Escobar vart skoten etter å ha scora eit sjølvmål i 1994. Men Colombia er ikkje så gale som det var ti år sidan, og ifylgje det kanadiske utanriksdepartementet er Argentina og Brasil farlegare. Berre så det er sagt, altså.






Og Colombia har utruleg mykje å tilby einkvan person; frå ein utruleg biosfære (som eg kjem tilbake til om nokre postar), til fantastisk god mat, herlege folk og ei interessant historie. Kvar av desse kategoriane er grunn nok til å reisa til dette nydelege paradiset. Utan å villa høyrast ut som ein irriterande allvitande person, gjorde eg leksene mine før eg kom, og las alt eg fann om Colombia. Difor var det ekstra spesielt for meg å reisa til nokre av plassane eg hadde lese og studert så mykje om i månadar. Dagsturen i dag gjekk til Guatavita-innsjøen 3,800 meter opp i Andes-fjella, omlag to timar frå Bogotá med bil. 

Før conquistadorane og los caudillos kom til kontinentet, var Latin-Amerika som kjent fullt av indianske folkegrupper, slik som inkaene, mayaane og aztekarane. I Colombia, derimot, budde Muisca-folket. Sjølv om dei er relativt ukjende samanlikna med til dømes inkaene, var faktisk dette folket det nest mest folkerike i Latin-Amerika i si tid, mellom inkaene og aztekarane. Då spanjolane kom på 1500-talet, budde meir enn éin million muisca-folk i området rundt Bogotá, og det er difor Bogotá no er hovudstaden. Det hadde vore mykje meir logisk å ha hatt hovudstaden ved den rike karibiske kysten – t.d. Cartagena – men Bogotá var allereie senteret i eit stort rike, med masse folk som spanjolane hadde lyst til å konvertera til katolisismen.
 




Uansett, Guatavia-innsjøen var berre éin av mange innsjøar som var heilage for Muisca-folket, men det var her eit spesielt ritual vart halde, som seinare skapa legenda om El Dorado. Zipaenkeisaren – dekte seg sjølv i gjørme og gullstøv, heiv smaragdar og gull ned i innsjøen og dykka ned i Guatavita for å vaska gullstøvet av. 
Guatavita er også heimen til ein slangegud. Då ein lokal keisar fann ut at kona hans hadde vore utru, vart elskaren hennar drepen, og kona vart tvinga til å eta kjønnsdelane hans. Kona rømde til innsjøen, heiv eg sjølv i vatnet og forelska seg i slangeguden. Keisaren på si side angra bittert for det han hadde gjort, og prøvde å få kona si tilbake, men til inga nytte. Keisarinna lever ennå nede i djupet saman med slangeguden, skjønt det skal vera sagt at eg ikkje såg nokon av dei, og faktisk hadde eg vore overraska over å ha sett ein slange 3,800 meter over havet. Men eg såg min fyrste kolibri. 

Innsjøen vart tømd i 1545 av conquistadorar som leitte etter gull, og igjen i 1580, 1898 og 1912. Gull har vore funne, og heldigvis kan me få sjå mange av skattane på Gullmuséet i Bogotá. Gullmuséet er eit av dei beste i sitt slag, ikkje berre i Latin-Amerika, men òg på verdsbasis. Kolleksjonen inkluderer masker, kroner, kroppsdekorasjonar og ymse andre gullfigurar. Du kan også lesa mykje om historia bak gullgraving i Colombia, og korleis gull vart smelta, hamra og forma til pynt. Overklassen var ikkje den einaste som fekk pynta seg med juvelar og gull i Muisca-kulturen. Den spanske presten Pedro Simón skreiv i 1623 at ''ingen indianarkvinner gjekk utan juvelar, øyreringar, smykke, kroner... Alle jenter hadde fire eller seks gullsmykke rundt halsen.'' Inngangsbilletten til museet er 3,000 pesos (men det er gratis på sundagar, og stengt på måndagar.) Eg likte Gullmuseet godt, og syntest det var både interessant og tøft å sjå kunstverka. Fotografi er tillate utan flash, og museet er fullt av vakter, så ranarar har ikkje sjanse til å stela fotografiapparatet ditt.
  




Tragisk nok har naturressursane til Colombia vorte innblanda i landet sitt komplekse politiske problem. Geriljahærar har byrja å driva med gullgraving no, fordi det er enklare å handla med enn kokain. I Antioquia-provinsen er heile skogar rivne opp og vatn forureina med flytande kvikksylv (som er bruka for å skilja gull frå sediment), og Colombia har difor vorte, ifylgje FN, den største kvikksylvforureinaren per person i verda. 
Det var utruleg kjekt å fylja stien til El Dorado, og køyreturen til Guatavita er nydeleg. Me hadde ein tradisjonell frukost (arepas med ost og varm sukkerrøyr drikke) i ei lita landsbygd på vegen opp, som visstnok er vanleg. Som elles i Colombia var maten veldig god; det einaste er at kolombianarar legg ost i alt dei et og drikk; i kakao, sukkerrøyr drikker og kaffi, noko eg har problem med å verta van med. Ein annan ting eg anbefaler, er å stansa fleire gonger på vegen opp Andes-fjella, for utsiktene er så fantastisk vakre! Det minna meg veldig om Canada/Noreg. Eg visste at det ikkje berre var tropisk jungel i Sør-Amerika, men eg hadde ikkje venta at det likna fullt så mykje på Rogaland; også når det gjaldt temperaturen! 




Til slutt anbefaler eg òg ein tur til ei lita landsbygd som heiter Sesquilé, der du kan besøka eit Muisca-reservat. Det er ikkje eit reservat med halvnakne indianarar eller i nokon som helst form lagt opp for turistar, men eit med moderne indianarar som prøver å ta vare på kulturen, språket og tradisjonane sine. Dette er ikkje berre berre i Colombia, og fleire av leiarane deira har vorte drepne av folk som gjerne vil ha jorda stammen bur på. Ikkje berre var det interessant å læra meir om språket og kulturen, men eg synest det er viktig å støtta dei i draumen deira om å kunna leva slik som dei gjorde før spanjolane kom, og bevara språket og kulturen i ei moderne verd.