Eg
skriv sjeldan restaurantmeldingar her på bloggen (utanom ''Dra hit!
Maten er ubeskriveleg god!'') Internettet er fullt av bloggarar som
gjer ein kjempejobb med å skriva restauranmeldingar, og i tillegg et
eg ikkje ute halvparten så mykje som dei gjer. Dessutan føler eg
meg litt vel dum når eg fotograferer par på ein romantisk middag,
sjølv om det som regel er dekorasjonen bak para eg vil ha eit bilete
av. Men det forstår jo ikkje stakkarane, og det heile vert litt vel
påtrengande. Som regel vert difor berre maten foreviga.
Ofte
er meldingar baserte på samanlikningar med andre restaurantar i same
byen/plassen, og ekspert-visdom om spesifikke kokkekunstar. Eg er på
ingen måte ein ekspert på noko som helst. Men av og til er
restaurantoppleving så spesiell at eg berre ikkje klarar å la vera
å fotografera/skriva om henne likevel! Budsjettet mitt let meg
diverre ikkje utforska restaurantar like mykje i kvart land, og eg
sparar pengane til Argentina og restaurantopplevingane der. Likevel,
eg hadde høyrt så mykje om Andrés Carne de Res frå dei
kolombianske venene mine at det var uaktuelt å ikkje dra dit.
No kunne og kan eg framleis litt av kvart om fleire kokkekunstar, men når det gjaldt kolombiansk mat, var eg ei jomfru. Eg kan difor ikkje fortelja dykk om dei laga god kolombiansk mat eller dårleg kolombiansk mat. Men eg likte det. Eg hadde kreolsk kylling, som visstnok var veldig tradisjonelt, servert i ei leirform saman med ris og tre forskjellige typar salsa. Kyllingen var mildt grilla og gjekk bra med sausen. Så vidt eg har lese og høyrt, er kolombiansk mat veldig mild, og denne retten var på alle måtar det. For meg hadde det gjerne vore endå betre med litt sterk je-ne-sais-quoi, skjønt den raude salsaen gjorde sitt!

Faktisk hadde eg kome til Bogotá frå Venezuela den morgonen, og det var heilt tilfeldig at eg kom på at eg hadde reservert eit bord hjå Andrés. Og sidan det tok 20 minutt med drosje for å koma dit (Bogotá, ein by på nesten åtte millionar, er altså ganske stor), så spanderte eg dessert på meg sjølv no som eg fyrst hadde reist så langt. Sjølvsagt var det mange tradisjonelle kolombianske dessertar å velja mellom, slik som karamellpudding (med kondensert mjølk; altså er han ultra-søt), rispudding og ymse fruktdessertar, men som kjent er ikkje søtt mi greie. Og utan å vera fordomsfull, så har eg sjeldan funne ein god dessert utanfor Europa (i USA/Canada kan du finne gode dessertar, men dei er som regel franske.)
Uansett, til slutt bestilte eg ein sjokoladevulkan (sjokoladefondant) med vaniljeiskrem og kaffi, som vart servert i ei nydeleg treskål forma som ein trestamme (eller var det ein vulkan?) Andrés er eigentleg mest kjent for den unike designen: tre etasjar rotete dekorert med ein slags rar blanding av Moulin Rouge, kristendom, ei gate i New York, ein irsk pub og eit kunststudio. Ganske spesielt.
Og
då servitørane såg kor mykje eg fotograferte menyen (eg fall
pladask for den grafiske designen!), så gav dei han til meg. Eg veit
ikkje om dei gjev vekk menyar til alle, men eg vart i alle fall
kjempeglad for å få han! Dei gav meg òg ein pakke med snop, og ei
lita, måla vinflaske. Det er sjølvsagt uhyre upraktisk å dra rundt
med ei vinflaske av glas i Sør-Amerika (eller nokon plass, for den
saks skuld), men så har ingen mann nokon gong gjeve meg ei måla
vinflaske før, og flaska frydar meg.
Uansett, er du i Bogotá, så MÅ du eta hjå Andrés! Eg kan til og med la deg få lov til å sjå gjennom menyen min ;)