Eg
har ikkje skrive om Bogotá ennå. Ikkje eigentleg. Eg har byrja
fleire gonger, men kvar gong har det gått i vasken. Hår har vorte
rive, stolar har vorte sparka i, blyantar har vorte øydelagde. Heile
driten. Kanskje mangelen på skrivelyst kjem av at det er så mange
nye opplevingar som ennå ikkje har vore fordøya. Og byen berre har
noko, den magiske je-ne-sais-quoi som fangar deg som ein mytologisk
forførar. Det er sjølvsagt utruleg irriterande, spesielt for nokon
som prøver å skriva ned alt det ho har sett og gjort. Og det siste
eg vil gjera, er å bruka for mykje tid på å skriva om det slik at
eg byrjar å hata min eigen blogg.
For så vidt kan eg vel byrja med Bogotá sin fascinerande gatekunst, som eg har studert over heile byen med jubel og skepsis. Det har vore ein fantastisk skule for meg. Historisk sett har eg aldri brydd meg med å opna så mykje som eit augnelok når eg har gått forbi graffiti. Av og til har eg rista på hovudet over kor lite respekt kunstnarane har for offentlege bygningar. Det at eg likte Bogotá sin kunst, var difor ein total overrasking. Kanskje det er høgda, kanskje eg har drukke for mykje kokate (berre så det er sagt, Hanna, så drakk eg veldig lite), eg veit ikkje. Men Sør-Amerika sin Aten, som kallenamnet, ifylgje Wikipedia, er, har gatekunst nesten berre med politiske meldingar, som igjen gjev eit godt innblikk i den politiske situasjonen i landet.
Det
gjorde også at eg byrja å lesa meir om kolombiansk historie.
Faktisk var Colombia eit av dei mest utvikla landa i Latin-Amerika på
1920- og 30-talet. Her vart den fyrste jernbanen i Sør-Amerika bygd,
og verdas nest eldste flyselskap etter KLM, Avianca. Rikdomen
var reflektert i hovudstaden, og Bogotá på 1920-talet likna
visstnok på Buenos Aires. Så, i 1948, vart den kjempepopulære
presidentkandidaten for det Liberale Partiet, Jorge Eliécer Gaitán
Ayala, drepen, og byen – og seinare resten av landet –
eksploderte i protestar og vald (''El Bogotazo'') som øydela 80% av
byen, demonterte trikken og byrja den ti år lange borgarkrigen, la
violencia, som etterlet 200,000 drepne, samt tusenvis av
torturerte og valdtekne folk.
Interessant nok, i dagane før mordet på Gaitán, heldt Pan-American Conference til i Bogotá, og mange studentar kom frå begge kontinenta for å delta i studentversjonen Latin American Youth Congress, deriblant ein veldig ung Fidel Castro. Faktisk skulle Gaitán treffa Castro seinare på ettermiddagen den dagen han vart skoten, saman med andre framtidige cubanske revolusjonære slik som Enrique Ovares og Alfredo Guevara. Om du ser nøye på 1,000 pesos-lappen, som er vigd til Gaitán, ser du Fidel Castro sitt ansikt i folkemengda til venstre.
La Violencia var òg då den marxistiske geriljagruppa FARC vart fødd. Til å byrja med, kjempa ho mot det katolske konservative partiet for landbruksreform, og mot neokolonialisme, som rett nok var eit stort problem på førti-talet, då den kolombianske regjeringa selde store delar av landet til utanlandske – som regel amerikanske – firma. FARC hadde kanskje eit genuint mål på førti- og femtitalet, men kjempar som regel berre for makt og pengar no.
Interessant nok, i dagane før mordet på Gaitán, heldt Pan-American Conference til i Bogotá, og mange studentar kom frå begge kontinenta for å delta i studentversjonen Latin American Youth Congress, deriblant ein veldig ung Fidel Castro. Faktisk skulle Gaitán treffa Castro seinare på ettermiddagen den dagen han vart skoten, saman med andre framtidige cubanske revolusjonære slik som Enrique Ovares og Alfredo Guevara. Om du ser nøye på 1,000 pesos-lappen, som er vigd til Gaitán, ser du Fidel Castro sitt ansikt i folkemengda til venstre.
La Violencia var òg då den marxistiske geriljagruppa FARC vart fødd. Til å byrja med, kjempa ho mot det katolske konservative partiet for landbruksreform, og mot neokolonialisme, som rett nok var eit stort problem på førti-talet, då den kolombianske regjeringa selde store delar av landet til utanlandske – som regel amerikanske – firma. FARC hadde kanskje eit genuint mål på førti- og femtitalet, men kjempar som regel berre for makt og pengar no.
Gurimalla, eg er dårleg reklame for Bogotá! Herlegheten, eg har jo så vidt nemnd byen eingong. Det er heilt klart at eg aldri bør verta turguide. Eg snakkar meg bort slik som den tidlegare mattelæraren min gjorde. Intensjonen min var i grunnen berre å informera folk om eit land få veit mykje om, men eg høyrest jo ut som ein kanin (skjønt kaninar ikkje snakker nynorsk!) Bogotá er på ingen måte ei krigssone, og faktisk, som eg fortalde mi kjære venninne Mai på Skype her ein kveld, det vert myrda fleire i Washington D.C. enn i Bogotá (''Og det skal liksom gjera det betre!?!?'' - Mai), og byen er totalt undervurdert. Dei fleste turistane stikk berre innom byen ein dag eller to, før dei går vidare til meir ''kjekke'' plassar, slik som Cartagena. For all del, Cartagena er ein nydeleg by, men det å ignorera Bogotá er eit mistak. Det er ikkje det at bygningane er spesielt vakre, eller at trafikksystemet fungerer (noko det så vidt gjer), eller fordi dei grøne, frodige Andes-fjella kransar heile byen. Nei, men det er noko kreativt med Bogotá; ein herleg kunstnarisk følelse.
Når det gjeld museum, har eg berre besøkt to: Gullmuseet (som eg skreiv om her, og som er fantastisk) og Boteromuseet, vigd til kunstnaren Fernando Botero sine verk, samt den private samlinga hans av måleri, inkludert fleire av verka til Salvador Dalí og Pablo Picasso (gratis inngang.) Ein annan ting eg anbefaler, er å ta taubanen opp til Monserrate, ei kyrkje frå 1656 på toppen av eit fjell med utsikt over byen. Kvar sundag kjem enorme mengder av pilegrimar opp på fjellet til kyrkja, og den vesle marknaden er full av religiøse duppedittar og duppedattar til sals (pluss småting for oss turistar, sjølvsagt.) Det var litt som å vera tilbake i Jerusalem.
Men utsikta er fantastisk. Byen er svær – eg synest å hugsa at nokon sa at han var 55 km i lengda – og trass i vidvinkellinse, fekk eg ikkje alt med på eit bilete. Merkeleg nok har eg ikkje reagert på høgda ennå – Bogotá ligg 2625 over havet; Monserrate 3152 og Guatavita 3800 meter, men eg har så vidt merka nokon forskjell. Det er vel noko gale med systemet mitt.
Eg
kjem snart tilbake med meir om Bogotá, og neste gong vert det om den
mest gledelege tingen av alle: mat!
PS:
Om du kjem hit, må du bu på Lima Lemon Hostel, som eg
gjorde. Det er eit fantastisk, kunstnarisk, intimt lite hostell i
Candalaria (gamlebyen), rett framfor plassen der byen vart grunnlagd
i 1553. Hostellet har ei fantastisk plassering, og er driven av ei
gruppe med særs koselege folk. Dronninga på slottet er derimot ein
feit katt, Nutella, som sit nett der ho vil, lar deg klappa ho om ho
føler for det, og gjer i grunnen akkurat det ho har lyst til. Om ho
vil sova på sofaen, må me ryggsekkturistar fint sitta på golvet.