Matprat i Bogotá | Colombia



Eg hadde ein delvis sein kveld i går her i Cartagena, og vakna i morgon – vel, formiddag kanskje – og hugsa at eg hadde heilt gløymt å skriva om mat-opplevingane mine i Bogotá! Tulling. Heldigvis er vêret her så forferdeleg varmt, at eg ikkje er freista i det heile tatt til å gå utanfor dei fire, kalde veggane av hostellet mitt, så litt matskriving om morgonen er heilt greitt for meg! 

For å vera heilt ærleg, visste eg ikkje korleis maten skulle vera i Bogotá på noko vis, så utforskingane mine var alle baserte på lokale råd og tips. Gatematen i Bogotá er fantastisk, og små restaurantar var generelt der eg hadde mine beste måltid. Eg veit at dei har gode restaurantar i byen òg (slik som denne), men det er på gata, eller i lokale og små restaurantar, at du får ein skikkeleg smak av tradisjonelle rettar.
Uansett, her er mine seks mat-tips i Bogotá :)




























1.Dra til Paloquemao-marknaden
Paloquemao opna i 1946 (om eg hugsar rett!), og er av standard taiwansk storleik (ehm... om du veit kva eg meiner.) Blomstermarknaden er heilt nydeleg. Colombia er ein av verdas største eksportørar av blomar til vestlege land, berre bak Ecuador, og bryt all slags rekordar når det gjeld blomster-artar, inkludert over 3,500 typar av orkidear. Mange av blomane her er elles måla, så dei er uheldigvis ikkje naturleg så fargerike! 

Me hadde det ganske gildt med å utforska grønsaks- og fruktseksjonen, sidan det var så mange nye frukter me aldri hadde ete/sett før! Det finst over 150 forskjellige typar frukt i Colombia, nokre som berre eksisterer i dette landet, og andre som også finst i naboland slik som Ecuador eller Venezuela. Nokre var gode, andre var altfor søte, og ein smaka som ei blanding av graskar og gulrot, skjønt mannen i bua insisterte på at det var ei frukt.
Marknaden har òg eit par bakeri og restaurantar, der du kan ta ein pause frå handelen. Kolombiansk brød er lite å skriva om, men me hadde eit par greie ferske ostebrød på marknaden verdt å prøva.







2.Prøv skikkeleg kakao.
Eg kunne ikkje ha reist heile vegen til Sør Amerika utan å ha prøvd skikkeleg kakao/sjokolade! Kakaobønner kjem trass alt frå dette kontinentet, og veks berre ved ekvatoren under spesifikke verforhold. Å laga sjokolade er ein vanskeleg prosess, så eg respekterer verkeleg folka som gjer det. Tragisk nok er beinmergen til sjokoladeindustrien barnearbeid, og ofte vert borna blinda av kjemiske produkt og sprøytemiddel. Eg skal ikkje gå inn i detaljar her, men eg håpar folk boikottar vest-afrikansk kakao, spesifikt frå Ghana og Elfenbeinskysten, som produserer 75% av kakaoen i verda. Sør-Amerikanske kakaoprodusentar (frå blant anna Brasil, Venezuela, Colombia osb.) tvingar ikkje born til å arbeida i plantasjane sine, så eg synest det er viktig å støtta desse i staden. 

Uansett, Cocoa y + Cocoa i Candalaria er ein fantastisk liten chocolaterie der dei lagar all sjokoladen frå botnen av. Dei hyggelege damene som arbeider, er veldig engasjerte. Dei let oss eta så mange kakaobønner me ville, som sikkert ikkje var godt for business, fordi eg elskar kakaobønner og åt mange (vel, fire.) Eg likar mørk sjokolade veldig godt, og bitre ting generelt, og kakaobønner smakar likt mørk sjokolade med rista hasselnøtter. Dei laga også to forskjellige typar varm kakao for oss: den fyrste, den originale med kakao og vatn, og den andre med vanilje til, etter mitt ynske. Eg hadde lese koss aztekarane pla ha vanilje i kakaoen deira, og eg var gira på å prøva han. Knallgodt.  





3.Prøv smårettar: empanadas, arepas, tamales
Greitt, greitt, verken empanadaer eller arepas eller faktisk tamales er 100% kolombianske, men slik alle andre land i Sør Amerika har dei sine eigne versjonar. Empanadas er små kjøtpaiar, fylte med kjøt, ost, grønsaker, egg osb. Før eg kom, hadde eg berre prøvd chilianske empanadaer, som vert baka. I Colombia er empanadaer som regel frityrsteikte, sprø og gode. Sikkert ikkje akkurat det sunnaste ein kan eta, men men... Arepas er små korn-pannekaker, populære i Venezuela og Colombia. Du finn dei i all slags versjonar og smakar; med ost, egg eller kjøt. I Venezuela åt eg ein med kalkunkjøt, så det mykje å velja mellom, og storleiken varierer òg veldig. Nokre gonger er dei nesten like pitabrød, medan andre gonger er dei berre små pannekaker, etne i staden for brød. 
 
Tamales er i grunnen berre maismjøl blanda med ymse slag kjøt, ris og grønsaker kokt i bananblad. Folk et dei til frukost på sundagar, og dei er veldig gode, skjønt eg berre hadde ein smakebit på slutten av ein lang matdag.




4.Drikk chicha
Chicha er ein eldgamal drikk laga av ymse urfolk over heile Sør-Amerika, men smak og produksjon varierer frå land til land. Til dømes, i Bolivia er det visstnok vanleg å tygga maisen, spytta det i ein bolle, og la det gjæra ei stund, for så å drikka det. Heldigvis er den kolombianske chichaen laga på ein meir hygienisk måte; maismjølet er blanda med kokande vatn og sukkerrøyr, og sett til å gjæra i ei stor leirkrukke i omlag ei veke. 

Teknisk sett er chicha ulovleg i Colombia, sidan spanjolane bannlyste drikken for fleire hundre år sidan, då dei følte at drikken hindra konverteringa av Muisca-folket til katolisismen. Chicha var visstnok ein veldig sosial drikk, og både menn og kvinner sat saman og drakk frå same skåla. Det var også ein metode å koma i kontakt med gudane deira på. Når ein Muisca leiar vart full, trudde han at han var i transe og i kontakt med gudane. Berre kvinner fekk lov til å laga chicha, og interessant nok vert humøret til dama lagt inn i drikka. Om ho var glad då ho laga chichaen, vart alle som drakk han glad. Var ho ulukkeleg, vart all ulukkelege osb. 
 
Uansett, spanjolane såg drikka som ein trussel mot deira kontroll over Musica-folket, og dei var sikkert interesserte i å få dei lokale gira på importert europeisk vin. Så vidt eg skjønar, er den einaste grunnen til at kolombianske politi tillet chicha å verta laga i nokre kafear, at det ikkje lenger er nokon trussel motl store vin- og ølfirma. Det er berre eit par kafear der chicha kan verta kjøpt, og dei fleste av desse er i Candalaria. Drikken er veldig populær blant studentar, då han er billigare enn øl og vin, og sjølv syntest eg han var god. Eg fekk og chicha då eg besøkte Musicareservatet, laga av stammen si bestemor, og dette var på langt nær den beste versjonen eg hadde i Bogota!
 


5.Kaffi, kaffi, kaffi.
Kaffi er rett nok ikkje spesielt for Bogotá, men her er han veldig, veldig god. Du kan enten kjøpa kaffi ved store Starbucks-liknande kjeder slik som Juan Valdez eller Oma, på gata – der dei sel tinto, søt, svart kolombiansk kaffi, eller i europeisk-liknande kafear. Kolombiansk øl og vin er ingenting å skriva heim om (chiliansk eller argentinsk vin er betre alternativ i Sør-Amerika), men vatnet deira er ganske godt, sidan det kjem frå svære reservoar i Andes-fjella, og det er trygt å drikka frå springen innanfor bygrensene.
 
6.Nyt ei skål av ajiaco
Ajiaco er ein veldig tradisjonell gryterett frå Bogotá. Den beste måten å beskriva han på er å seia at det er ein potetsuppe med kylling, krem, maiskolbe og kapers. Retten er ganske tung, så om du vil prøva han, må du vera svolten! Etter å ha høyrt frå alle lokale eg prata med at eg ''måtte prøva ajiaco!',' drog eg ned til ein liten restaurant tett ved Plaza Bolivár den siste dagen eg var der. Retten kostar omlag 16,000 pesos dei fleste plassar, så det er litt dyrare enn andre rettar, men du får så mykje mat at ingen av oss greidde å eta alt opp. Som alt anna i Colombia er retten servert med ris, som eg synest er unødvendig. Til og med om du bestiller pommes frites eller store potetar, får du ris. Men, men... ajiaco er deileg