Gatevandring i New Orleans | USA



For ei fantastisk veke, i fantastiske New Orleans, med fantastiske meg. Eg kosar meg så forferdeleg mykje i mitt eige selskap at det er på grensa til narsissisme. På måndag kom eg altså fram til den (litt suspekte) tomme flyplassen Louis Armstrong International Airport, kalla opp etter broren til Neil og Lance. Eg kjøpte ein tur-retur billett frå flyplassen for $38, og forklarte fint til dama i kassen at eg skulle bu på flyplassen den siste kvelden i New Orleans, nett slik som eg gjorde i New York. Ho vart heilt forferda, litt slik som eit ekorn vert når du stel nøttene hans. ''You mean you're going to stay with us at this here airport, baby girl? Well then honey, I'm going to make sure you get a blanket!'' Og nett slik som New York, kom ein politimann med teppe til meg i kveld, som naturlegvis var koseleg. Eg la likevel merke til at dei rundt meg ikkje fekk tilbod om teppe, men dei var alle menn, så eg antar at likestilling ikkje har kome like langt her i USA, og det var eg i grunnen glad for i kveld. Det kan verta kaldt på ein flyplass. 
 

Folk her er veldig vennlige, slik som dei aller fleste i sørstatane, og fargar språket sitt med franske ord som ''la petite'' og ''bébé'', og mange ''honey'', ''sweetheart'', ''y'all'' og ''baby girls'', som alle eg har prata med (av det mannlege kjønn) har kalla meg heilt sidan eg kom. Folk verkar glade for å sjå deg, sjølv om dei ikkje veit kven du er. Dei aller fleste damene kallar meg derimot for ma'am, men det vert rett og slett berre for rart. Men det er jo berre ein kulturforskjell. Det tok meg ein halv dag å verta van med koss dei snakkar her nede. Då eg skulle ta flyplassbussen inn til byen, spurte eg sjåføren om eg hadde kome til rett buss. Han såg på meg, heiv ned sigaretten sin og svarte, ''Yeah baby doll, you just put your pretty little backside in there, and I'm going to take you to places you've never been before'', før han gliste. Eg meiner, han var ein heilt grei kar, men eg syntest svaret var litt vel ekstremt med tanke på at eg berre lurte på om eg hadde funne fram til rett buss. 
 


Strekninga mellom New Orleans og Louis Armstrong er ganske så interessant å studera. Kanskje ikkje for amerikanarar vane med gatereklame, men for ei jente frå ein veldig liten tettstad, i ein ganske liten kommune, i eit relativt lite fylke, i det som dessutan er eit ganske lite land, der me ikkje har reklame på vegstrekningane, var dette ganske underhaldande. Nokre av reklamane var i det sære laget (''Om du lir av lungesjukdom, oppsøk doktor X!'', ''Ta ein HIV-test, få ein gratis på kjøpet!'' og ''Går du gjennom ein skilsmisse? Saksøker nokon deg? Ring advokat X på xxx, og han vil fiksa alle problema dine for deg!''), andre var berre språkleg forvirrande (''Faux pas syhus – me syr alle slags motiv for deg!'') og dei mange kyrkjereklamane i neonlys om spratt opp langs vegkanten i ny og ne (''You may laugh, you may cry, but your soul will be satisfied'' og ''Har du mista trua? Ring xxx og få ho tilbake med ei gong!'')


Vêret er eit kapittel for seg sjølv. Det er konstant godt over tretti grader, og rimeleg fuktig i tillegg, så det er berre å gløyma alt som heiter figur-formande klede, sminke og hårfrisyre. Folk sveittar. Mykje. Kokken på kokekurset mitt (meir om det seinare), sa det sånn det var: ''Girls, ignore the men. Dress to sweat. Don't try to be pretty. Just dress to sweat.'' Dusja har eg sjølvsagt gjort, men som avkjøling er dette berre ei kortvarig løysing. Varmen her er latterleg, og luftfukta ennå verre, så eg er eigentleg klissen og våt om eg er i dusjen, på rommet eller ute i byen. Men New Orleans er som kjent ein by med store kontrastar, så når det ikkje er varmt, så er det forferdeleg vått. På torsdag regna det så mykje at eg vart heilt gjennomvåt, frå sokkane opp til g-strengen og BH-en. Og det skal faktisk ganske mykje til òg det, for eg går med ein push-up, og han er jo tjukk som berre fy. Amazonas må ha regna ned på oss for å trenga seg gjennom den puta av ein BH. (Er lei for detaljane, folkens, men eg måtte berre poengtera kor mykje det auste ned. Og eg syntest litt synd i meg sjølv.)




Uansett, etter litt sommel, bommel og rommel, kom eg meg endeleg fram til hostellet med ein sånn cirka-plan av å ta ein rusletur ned til Det franske kvartalet. Eg tok fylgje med eit australsk par, som visstnok var på ei eit års backpacking-bryllaupsreise. I mitt forsvar, visste eg ikkje at dei var nygifte, men etter at eg fann dette ut, følte eg meg verkeleg som tredje mann på lasset. Dessutan var dei eit ganske kleint par, spesielt mannen, og han sa heile tida ting til kona slik som ''Kven er favoritt-kona mi i dag?'' og ''Koss har kona mi det? Er ho varm?'' i tredjeperson, som om ho ikkje stod rett på sida av han. Eg bruka resten av kvelden på å pønska på unnskyldningar for å gå frå turtelduene utan å vera altfor frekk.  

Det franske kvartalet (The French Quarter, eller Vieux Carréfransk, om du vil), er den eldste delen av New Orleans, og pla eigentleg vera heile byen. Litlebyen er bygd på eit rutenett-design, og gatene har alle franske namn (ofte står det berre ''rue x'' i staden for ''street'', sjølv om skiltet er nytt.) Komisk nok er gatene kalla opp etter Solkongen og dei uekte sønene hans, og dei katolske helgenane side om side, og eigentleg er denne typen kontrast New Orleans i eit nøtteskal. 
 
Veit du kva anna som er komisk? Arkitekturen i Det fransk kvartalet er ikkje fransk i det heile tatt, men spansk-kreolsk. Dei aller fleste bygningane vart rett nok bygde medan franskmennene ennå budde i kvartalet, men bygningane franskmennene hadde bygd, brann ned med jamne mellomrom, og spanjolane fekk til slutt nok og erklærte at heretter skulle New Orleans berre vera bygd i stein. Då amerikanarane kom, bygde dei derimot i både stein og tre, i det som i dag er Garden District og det moderne området. Området mellom Det franske kvartalet og området der skyskraparane skrapar skyene vert ennå kalla for ''neutral ground'', for det var der dei katolske innbyggjarane trefte dei protestantiske. ''Neutral ground'', midt i St. Charles-gata, er per i dag bruka av trikken (som dessutan er den eldste i USA i ein alder av 180 år.) 
 


For saka er at Louisiana aldri har vore britisk. Det har vore fransk, spansk og amerikansk, men har aldri vore under Storbritannia. Det er difor mange amerikanarar får eit aldri så lite kultursjokk når dei kjem hit ned. Staten er heilt annleis i arkitektur, kultur, haldningar, religion og reglar enn resten av sørstatane (som alle var britisk-eigde fyrst.) Fleire av dei lokale eg prata med, meinte at New Orleans-folk hadde mykje meir til felles med karibiske folk enn med amerikanarar, og det er verkeleg ei anna verd her i sør. Dei har til og med daiquiri drive-through! ''One drinking and driving coming right up!'' Men seriøst, New Orleans ser ut som Havanna, ikkje Paris. Spansk-kreolsk, ikkje fransk. 



Utanfor Det franske kvartalet er ikkje denne kulturforskjellen like tydeleg. Eg likte ikkje den moderne delen særleg, sikkert fordi eg ikkje er glad i moderne arkitektur. Men Garden District er veldig sjarmerande. Området er ikkje like gammalt som Det fransk kvartalet, men til gjengjeld er det meir glamorøst. Her finn du skikkelege sørstatsvillaer, blomar og eiketre overalt, store hagar, og søte ekorn i omlag kvar einaste grein. Området er ikkje kalla Garden District fordi hagane var flotte, men fordi dei faktisk hadde hagar. Er det noko Det franske kvartalet manglar, så er det grønfarge. Eg tok ein tur i dette området nett då regnet var på sitt verste, så det vart få bilete av området frå meg i dag. Eg skulle gjerne ha delt minna med dykk, men vitskapsmenn har ein tendens til å fokusera på andre saker enn minnedeling, slik som å kurera malaria. Rare folk, dei der.  


Me gjekk forbi husa til fleire kjende idrettsmenn og skodespelarar, deriblant Sandra Bullock, politikarar (bla. huset til taleskrivaren til Harry S Truman, og huset der Jefferson Davis, sørstatane sin fyrste og einaste president, døydde), og villaen der The Curious Case of Benjamin Button vart filma. Heile området består eigentleg av utruleg velbevarte hus og hagar, historie og eleganse. Eg hadde faktisk ikkje hatt noko imot å ha eit sommarhus der, så om nokon har $2 million til overs, så må de gjerne dela :)
 

Eg likte New Orleans knallgodt, og eg tullar ikkje når eg skriv at eg godt kunne ha budd her for eit år eller to. Om det berre ikkje hadde vore for det forbaska vêret, sjølvsagt. Sjåføren som køyrde meg til flyplassen, fortalde meg at i august/september-tida, har New Orleans ein luftfuktighet på 100% og 40°C, og det er jo berre heilt sprøtt. Eg hadde veeeeeldig lyst til å dra på the National World War II Museum*, som eg har høyrt mykje bra om, men det er så stort at det tek sånn to dagar berre for å få sett alt. Eg får berre ta turen innom neste gong eg er i byen, for det vert så absolutt ein neste gong :)



*I tilfelle du lurte, så var fyren som fann opp D-Dag-landgangsfartøya frå Louisiana. Han designa dei etter ein bayou-båt, som kunne fara i grunt vatn. Båtane kunne difor gå opp stranda i Normandie. 
 
**Eg budde på AAE Bourbon House Hostel, i nærleiken av Garden District, som var eit heilt greitt hostell. Folka som jobba der, var var veldig hyggelege, hjelpsame og vennlege, og me kokte til og med kreps saman ein kveld til kveldsmat. Trass i at det er det hostellet som ligg nærmast gamlebyen og sentrum, ligg det likevel 25 minutt til fots ifrå. Dei fleste var litt late og tok trikken inn (som eigentleg var ein gigantisk omveg), men det var ikkje berre berre å gå i den varmen heller. Neste gong vel eg nok å bu på eit hotell i sentrum, slik at eg kan vera ute litt lenger. New Orleans er på ingen måte ein trygg by, og har eit av dei høgaste vald- og mordnivåa i USA. Eller så kan eg få meg ei livvakt.