Det
har vore roleg frå meg i eit par dagar no. Eg tenkte at det kanskje
var godt for dykk der heima med ein liten lesepause. Dagane har eg
brukt på å utforska New Orleans, ete altfor mykje god mat,vore ete
opp av mygg, og vore på grensa til å kasta opp to gonger, skjønt
eg lovar dykk at eg ikkje er gravid, for då hadde eg vore ennå meir
av eit mirakel enn det eg allereie er. Vêret på si side har gjort
alt mogleg for å hindra ein kvar type sportsaktivitet eg kanskje
kunne tenkt meg å gjort i byen. I grunnen har det då altså gått i
eting av mykje usunn mat, og lite jogging (men eg har gått fram og
tilbake frå hostellet til sentrum, og det er ikkje så altfor gale i
eit land som hatar fotgjengarar!)
Ikkje for å skrøyte eller noko, men eg har vore ei veldig flink jente, og stått grytidleg opp om morgonane (i alle fall for nokon som visstnok skal vera på ferie), fordi er det noko eg har lært i løpet av mitt lange liv, er det at solen er mindre sterk på føremiddagen. Enkelte nordmenn tåler 30°C og 85-90% fuktighet dårleg, og sånn er det berre. Hadde det ikkje vore for det at byen er ny og interessant, hadde eg seriøst berre vore i senga mi med klima-anlegget, ein god bok, og berre vore kald. Men diverre har eg ikkje tid til slik latskap, så i dag morgon tok eg motet til meg nok ein gong og gjekk ut dørene, trass i det dårlege vêret. Eg skulle nemleg til Cajunland.
No veit eg ikkje kor mykje de veit om folka her nede i Louisiana, men de har kanskje fått med deg at det finnes både fransk-kreolske folk/kultur/mat og cajun folk/kultur/mat. Forskjellen er ganske enkel: kreolarane var folk som budde i Louisiana, spesielt i New Orleans, før staten vart amerikansk. Dei er ein blanding av tysk/fransk/spansk/vest-afrikansk og chickasaw-indianar folk, og har difor ein heilt unik kultur. For å vera ein kreol må du dessutan vera født i Louisiana. Ein cajun derimot, er ein etterkommar av acadia-folket frå Fransk-Canada.
Begge
gruppene et like retter (jambalaya, gumbo, étoufée osb.), men dei
lagar dei annleis. Kreol-versjonane er mykje mindre krydra, medan
cajun er sterkt. Om du har super-sensitive smakslaukar, kan det difor
vera ein god idé å finna ut om restauranten er kreol eller cajun
før du reserverer eit bord. Grunnen til denne forskjellen er at
cajun-folket er praktiske – dei lev tradisjonelt i, og av,
sumpområdet, og jaktar og fiskar seg fram i livet. Difor et dei òg
mykje meir viltkjøt; alligator, ekorn, vaskebjørner, rådyr osb.,
som naturleg nok smakar betre med meir krydder. Dessutan bevarte
maten seg betre om det var sterkt. Eg skal ikkje gå inn i
matdetaljar i dag, men eg ville berre forklara dette for at de skal
forstå noko viktig: New Orleans er ein kreolsk by. Området rundt er
cajun.
I Cajunland er alt annleis enn i ''the Big Easy''. For det fyrste har dei ein heilt annleis dialekt. Ingen av plassane snakkar ''standard'' sørstatsdialektar, og sjølv om det naturleg nok er variasjonar her òg, så er New Orleans-aksenten til dømes nærmast i ''slekt'' med Brooklyn, New York-dialekten. Og cajundialekten høyres ut som ein slags blanding av sørstat, generell britisk og fransk, om de kan førestille dykk det (dei uttaler t.d. Louisiana med trykk på ana, med ein nesten britisk 'a'.) Når det er sagt, så krydrar alle ihop språket med ''y'all''-ar.
Men
det som overraska meg mest av alt, var det at så mange i Louisiana
ennå snakkar fransk. Staten er faktisk ein av berre tre statar som
har to (eller fleire) offisielle språk, saman med New Mexico og
Hawaii, og mange i Cajunland har ennå fransk som morsmål. Eg var
utruleg glad for å kunna prata på fransk saman med guiden vår i
sumprområdet, Torres, sjølv om det til tider var vanskeleg å
forstå kva han sa. Fransken her har jo trass alt utvikla seg frå
fransken forfedrane brakte med seg for 200-400 år sidan, og dessutan
har chickasaw-folket 'snikindianisert' (eg vel å bruka dette ordet
for å beskriva noko positivt) eit mangfald av ord inn i fransken.
Fyrste
stopp var altså bayouen. For dei av dykk som lurte, så kjem ordet
frå chickasaw-språket (dei folka der altså, spreiar språket deira
i alle retningar!); ein ''bayuk'' betyr ''ein bekk som ikkje renn''
(bayou er den franske versjonen.) Bayouar ser ut som bekker, og av og
til elver, men har absolutt ingen straum i seg. Ho berre ligg der.
Ved breidda til ein bayou, sat eg og fire andre oss ned i ein
elvebåt, saman med Torres.
Utanom turguide er Torres ein jaktmann, fiskar og pla i si tid òg jakta på krypskyttarar. Etter forteljingane å dømma halt han på å verta drepen fleire gonger av både krypdyr og krypskyttarar, han jaktar all maten han et sjølv (rådyr, ekorn, alligator), klarer å etterlikna oksefrosken sin paringslyd, og skriket til ein baby-alligator (som gjorde at alligatorar kom til båten vår, slik at me fekk tatt bilete), og vart dessutan treft av lynet eit par år sidan. Han setter liksom alle andre menn i skuggen. Eg trur gjerne eg bør setja kriteria for ein framtidleg kjæraste litt høgare. Ja, ja, eg veit du er ingeniør, men klarer du å få tak i mat om verda kollapsar? Og klarer du å flå ein alligator? Han var verkeleg, slik guiden vår sa, ''The Man''.
Det
er ikkje akkurat mangel på alligatorar i bayouen heller, så det er
ikkje slik som i Kristiansand Dyrepark der dyra har det så bra at du
nesten berre får sett hestane, og gjerne eit esel om du er heldig,
for dei sjenerte dyra (som du kom for å sjå) har gøymt seg i deira
private skog. Her ser du alligatorar uansett. Og når du får dei på
nært hald, så er det i grunnen ganske søte. Torres heiv
marshmallows ut i vatnet, og alligatorane sumde lynraskt mot oss for
å få seg litt snop. Og det var som var aller søtast, var då dei
skulle bremsa ned etterpå. Dei berre spreidde føtene og armane sine
ut, og flaut som ein stokk. Krokodiller, derimot, kjem aldri til å
vera søte uansett kva du gjer med dei.
Neste stopp var plantasjane. Som fleirtalet indikerte, drog me faktisk på to forskjellige: Oak Alley-plantasjen, og Laura-plantasjen. Det er plantasjar langs heile Mississippi-elva, så det er meir enn nok å velja mellom, men desse to var heilt spesielle. Fyrste stopp var Oak Alley, der me byrja med ein tradisjonell lunsj (inkludert i turen), fylgt etter av ein guida tur i huset. Huset vart bygd i antebellum-perioden, som varte frå 1700-talet til Den amerikanske borgarkrigen, og guidane er kledde i klede frå denne tida. Huset var fint nok, sjølv om det var mykje mindre på innsida enn det eg hadde trudde på førehand. Utsida, derimot, var nydeleg. Entreen til hovudinngangen er ein lang gate med 300-år gamle eiketre på begge sider (trea er eldre enn huset), og dette er hovudgrunnen til at plantasjen har vorte brukt som setting i mange filmar, blant anna Interview with a Vampire.
Laura-plantasjen falt mykje meir i smak, for han var totalt annleis enn alle andre plantasjar eg har sett på film eller langs vegkanten i Louisiana. Han er bygd i fransk-kreolsk stil, og ser difor ikkje ut som dei elegant, klassiske kvite husa du ser i andre delar av sørstatane. Grunnen til dette er enkelt nok at dei fleste sørstatane var protestantiske og britiske, og kvitfargen skulle visa kor audmjuke dei var (dette behovet hindra dei derimot ikkje i å byggja svære hus.) Men sørlege Louisiana er katolsk (resten av staten er baptistar), og katolikkane hadde slettes ikkje behov for å visa kor audmjuke dei var. Huset på Laura-plantasjen var difor malt i eit stort spektrum av fargar; lilla, raud, gul, oransje osb., men er til gjengjeld mykje mindre.
Guiden
tok oss gjennom historia bak huset, slavane som budde der, familien
som eigde det, med hovudvekt på Laura, som plantasjen er kalla opp
etter. Ho var ei veldig interessant dame, og levde i nesten 102 år,
frå 1862 til 1964. Altså var ho fødd inn i ein familie med 120
slavar, rett etter Den amerikanske borgarkrigen braut ut, og levde
likevel lenge nok til å sjå Martin Luther King Jr. og
borgarrettsrørsla. Ganske spesielt. Plantasjen er dessutan unik i
det at fire av fem eigarar var kvinner (den eine mannen av Laura sin
far), i ei tid då kvinner berre skulle produsera born og vera
mjølkemaskiner. Yeah, baby. Kvifor skal berre gutane ha det kjekt?
Elles
har eg altså det bra :)