New
Orleans food is as delicious as the less criminal forms of sin.
-Mark
Twain
Eg hadde i grunnen tenkt å skriva dette for eit par dagar sidan, men eg mista skrivelysten då eg fekk feber i New York, og sjølv om eg skrøytte at eg skulle på ein av dei finaste togreisene i verda mellom USA og Canada, så skal det vera sagt at eg sat og skalv av feber med ein snufsen nase heile turen. Til og med grensevaktene syntest synd i meg. Men betre seint enn aldri, som norsklæraren på ungdomsskulen pla seia.
Når
folk lurte på kvifor i alle dagar ei jente frå Noreg hadde reist
heilt til New Orleans, svarte eg at eg kom berre for maten si skuld.
Det høyrest kanskje litt ekstremt ut å erklæra at eg drog tvers
over jorda berre for å eta, men for ein gong skuld på denne bloggen
er ikkje dette ein sanning med modifikasjonar. Og fytti grisen så
godt eg åt!
Folk
seier ofte at amerikansk mat ikkje er godt, men det er berre fordi
dei aldri har a) prøvd skikkeleg amerikansk mat, og b) aldri prøvd
cajun-mat. Noko av det beste eg har ete i mitt liv, åt eg i New
Orleans, og eg har jo budd i Frankrike! Maten her er nydeleg utan å
vera snobbete eller altfor dyr, men ikkje leit etter sunn mat eller
vegetarrettar, for det finst ikkje. På tysdag var eg dessutan på
kokkekurs, og for dei av dykk som lurer på kva kokken på sida av
meg heiter (bla ned), så er namnet hans altså Little Kevin. Etter to timar
med historieforteljingar, matlaging og smaksprøver av alle typar
tradisjonelle matretter, inkludert eit trailerlass med pralinar,
takka eg for meg og skreiv kvikt ned all informasjonen han hadde hive
ut.
Som
eg nemnde her, er den tradisjonelle kokkekunsten i New Orleans
kreolsk, medan maten utanfor byen er cajunsk. Begge to er temmeleg
enkle kokkekunster, og består av tre hovudelement: roux (ein
saus av smør og mjøl/olje og mjøl, som vert brukt for å gje
farge, konsistens og smak), kombinasjonen av grøn pepar, lauk og
selleri, som vert kalla treeininga, og i nokre tilfelle også
kvitlauk, paven, og kraft. Nesten kvar einaste gryterett eller
suppe har desse tre elementa i seg, og i tillegg kjem populære
ingrediensar, som skaldyr, tomatsaus, krydder, ris og andre
grønsaker.
Dei
tre store rettene i både kreolsk og cajunsk matlaging er jambalaya,
gumbo og étouffée,
men også desse kjem i eit mangfald av variasjonar. Generelt er
cajunsk mørkare og meir krydra. Kreolsk mat er ofte lysfarga, med
milde smakar og mindre kjøtprodukt. Der cajunsk brukar viltkjøt,
vel kreolarane ofte å bruka skaldyr.
Av
dei tre var det fyrst og fremst jambalaya eg kom for å eta. Far og
eg har nemleg vår eigen personlege bilsong, ein countrysong av Hank
Williams som då heiter Jambalaya
(''Jambalaya, crawfish pie, filé gumbo, cause tonight I'm gonna see
my ma chér amio''.) Jambalaya er ein unik rett her i området i det
at du kokar risen saman med resten av ingrediensane, i staden for å
koka han for seg sjølv. Eg prøvde dei to forskjellige
typane; cajun-versjonen, med ein røykt og krydra smak og pølser og
kjøt, og den kreolske versjonen, som liknar mykje meir på den
spanske paella-retten, med tomatar og sjøtmat (kalla ''red
jambalaya'' av cajun-folket.) Favoritten var vel i grunnen
cajun-versjonen, fordi all sterk mat
er god mat, trass alt, men begge slaga var gode.
Likevel
vil eg berre seia at eg faktisk føretrekte både gumbo og
étouffée, og det var ganske uventa. Gumbo er ei
fantastisk suppe laga med både roux og treeininga, og filé
gumbo, ei Choctaw-indiansk
krydderblanding, samt skaldyr. Myten vil ha det til at suppa er
basert på vestafrikanske retter og den fransk bouillabaisse, men han
har ein unik smak.
På
fransk betyr étouffée ''smadra'', og eg vart fortalt kor namnet kom
ifrå, men eg hugsar det ikkje lenger. Étouffée er litt tjukkare
enn ein vanleg gryterett, og er i hovudsak ein cajun-rett. Eg hadde
faktisk étouffée to gonger på fire dagar: kylling- og
andouillegumbo på kokkekurset, og krepsgumbo til middag på
bayou-turen min, som eg likte best. Det er noko med sjømat og
cajun-krydder som berre går godt med smakslaukane mine ;)
Som
ein liten attpåklatt, vil eg berre seia litt om alligatorkjøt. Det
er fantastisk godt! Eg hadde alligator fleire gonger, men eg likte
alligatorboudin eg hadde ved Bourbon House Restaurant
aller best. Ein boudin er ein av to typar pølser produsert i
Louisiana (saman med andouille), og alligatorboudin består som regel
av ris, krydder og grønsaker, utanom alligator sjølvsagt, og er
servert med dei tre ''klassiske'' New Orleans-sausane: remulade, hot
sauce og ein tredje som eg har gløymd namnet på.
New
Orleans er òg ein fantastisk by for dei av dykk som likar
sandwichar! Det er to store tradisjonar her: po-boy og
muffuletta-sandwichen. Po-boyen vart funnen opp av to brør, Benny og
Clovis Martin, som eigde ein restaurant. Under ein streik bestemte
brørne seg for å mata dei svoltne streikarane med sandwichar laga
av matrestar frå restauranten. Dei kalla folka som kom for desse
sandwichane for poor boys,
som seinare vart forkorta til po-boy. Tradisjonelt er ein po-boy ein
vanleg varm sandwich med fransk baguette-brød, steikte reker, roast
beef (servert med brun saus), scampi eller østers. No finst det og
''nye'' smakar: krabbe, fisk av alle slag, kreps, pølser, kylling og
alligator. Det er fantastisk godt!
Eg anbefaler dykk å hella på den lokale sausfavoritten blodfarga ''hot sauce'' (tabasko er for øvrig meir populært i cajun-land). Blod er kanskje tjukkare enn vatn, men det er på ingen måte like tjukt som hot sauce. Og det går heller ikkje like bra med po-boys.
Eg anbefaler dykk å hella på den lokale sausfavoritten blodfarga ''hot sauce'' (tabasko er for øvrig meir populært i cajun-land). Blod er kanskje tjukkare enn vatn, men det er på ingen måte like tjukt som hot sauce. Og det går heller ikkje like bra med po-boys.
Tvers
over gata frå Den franske marknaden og eit stykke til venstre frå
Jackson Square ligg Central Grocery, fødeplassen til
muffuletta-sandwichen - ein gigantisk sandwich stor nok til å mata
ein familie på fire for ein dag, med lag av skinke, salami, ost,
mortadella og olivensalat skvisa saman mellom mjukt brød. Smørbrødet
vart skapt då sicilianske bønder stakk innom butikken for å kjøpa
lunsj og ba om ein slags sandwich av salami, skinke, ost, olivensalat
og brød. Du kan enten kjøpa dei heile eller halve, og dei er
allereie ferdigpakka. Koss namnet har oppstått, kan eg ikkje seia,
men det er noko muffens med heile saka. Godt er det no i alle fall.
Etter
all denne gode maten hadde eg faktisk ikkje plass til dessert, sjølv
om eg hadde planar om å prøva litt søtt medan eg var der nede. Men
det vart rett og slett for mykje mat. Den einaste gongen eg reiste
ein plass spesifikk til å prøva noko søtt, var då eg gjekk til
kafeen Café du Monde, ein storslått, gigantisk kafé i Den franske
marknaden ved Mississippi-elva. Eg er temmeleg sikker på at dette er
ein av dei mest kjende kafeane i USA. Det kafeen er mest kjent for,
er café au lait og beignets, franske fritysteikte bakverk. Det var
jo for så vidt veldig godt, men etter å ha budd i Frankrike var det
ikkje akkurat revolusjonerande nytt.
PS:
Dette er generelt ein by som likar cash, så fleire restaurantar o.l.
tek ikkje kort. Det kan vera lurt å ha noko på deg heile tida :)
Eg
kjem straks tilbake med nye matadresser frå New York!