Saint-Jean-de-Luz & Biarritz | Frankrike



I gresk, mesopotamisk og jødisk mytologi høyrer me forteljinga om ei stor flodbølgje som fløymde jordkloden, og om ein mann som bygde ein stor ark. I den mesopotamiske og jødiske versjonen sleppte mannen ut ei due og ein ramn, og ein dag kom dua tilbake til mannen med eit grønt blad – eit teikn på fruktbar jord. Frå denne historia har eg konkludert to ting: at på eit eller anna tidspunkt må det ha vore ein grusom flaum som dekte Midtausten og Hellas og at dette landet dua tok turen innom umogleg kan ha vore Biarritz i februar, for der var det tørt som berre fy. Eg har elles ein mistanke om at det ikkje var Israel heller, for der har eg vore, og det renn på ingen måte over av verken mjølk eller honning. Eller vatn, for den sags skuld. Men det får no vera for ein annan gong.









Er du fyrst i fransk Baskarland, er det visse byar du berre er nøydd til å besøka. Turistfella Biarritz er ein av dei (og kakaoen du kan kjøpa der, men det kjem seinare), og den andre er Saint-Jean-de-Luz. Dette er ein sosial standard, og eg ynskte jo ikkje å koma på kant med nokon regelryttarar, så eg kjøpte ein tur-retur billett for omlag €5 (kvar veg tar ca. 30 minutt) til Saint-Jean-de-Luz. Viss du aldri har høyrd om Saint-Jean-de-Luz, eller i det minste er litt usikker på akkurat kor byen ligg, så er det heilt greitt. Eg synest det er ganske bra at han er relativt ukjent, for då kan eg ha byen heilt for meg sjølv. Og hordane med spanske og fransk turistar. Men sånn, nesten heilt for meg sjølv.

Saint-Jean-de-Luz ligg nær ved den spanske grensa, og du får ei fantastisk utsikt over både fjell og hav frå denne litle fiskelandsbyen. Baskarland er full av slike små fiskelandsbyar, sidan mykje av området er ved kysten. For dei som er litt usikre på baskisk geografi, gjev eg deg eit gratid lynkurs som fylgjer: Dagens politiske situasjon deler landet i to, men Baskarland er altså eit land samansett av sju provinsar: tre i Frankrike og fire i Spania. Fransk Baskarland (Iparralde – ''den nordlege sida'') består av Basse-Navarre (Nafarroa Beherea), Labourd (Lapurdi) og Soule (Zuberoa). Spansk Baskarland (Hegoalde - ''den sørlege sida'') består av provinsen Navarra (Nafarroa) og regionen Baskarland, med provinsane Álava (Araba), Vizcaya (Bizkaia) og Guipúzcoa (Gipuzkoa). Regionen Baskarland er ein nación histórica, og er autonom, men alle provisane ovanfor er del av Euskal Herria, eller landet der baskarar bur, Baskarland. Litt forvirrande, men så har politikk aldri vore det enklaste å forstå seg på heller. 

Heng du med? Det eg eigentleg kom for å fortelja deg om, var dei sju beste søtsakene eg åt i Saint-Jean-de-Luz og Biarritz. Det var nemleg ganske så godt! Og tru du meg, det var ikkje så veldig enkelt å begrensa det til sju. Så kvifor begrensa eg? Fordi bygningane og kakene i Baskarland ofte var dekorert med sju striper for regionen sine sju provinsar – og til flagget, som har ei stripe for kvar provins og ei fellesstripe som eit symbol på mottoet Zazpiak Bat ''dei sju er ein''. Voici mine sju favoritt-søtsaker frå Saint-Jean-de-Luz og Biarritz :-)



1.Gâteau Basque
Så vidt eg skjønar, er ikkje denne kaka like utbreidd i spansk Baskarland, men i dei franske områda er det eit symbol på Baskarland. Kaka vert seld overalt, ofte med det baskiske symbolet lauburu, eller baskisk kors, på. Tradisjonelt er dette ei smørkake (tenk ein mjuk versjon av skotske shortbread) med kremfyll, men no er det vel så vanleg med kirsebærfyll frå Itxassou. No for tida finst kaka òg i sjokoladeform eller med andre frukter, slik som aprikos. Eg prøvde sjokoladekaka, éi med krem og éi med kirsebær, og for min del var kirsebærversjonen best, men dette er smak og behag. Dei aller fleste baskarane eg var med, såg med stor uro og sjokk på sjokoladevarianten (''det der er ikkje ein gâteau basque!''), og eg syntest det var litt browniefølelse til kaka. Du kan kjøpa gâteau basque i ''vanleg kakestorleik'' eller i små variantar berekna på ein eller to personar. Eg kjøpte tre små (ei med krem, ei med kirsebær og ei med sjokolade, til €1.20 per kake) ved Paries, ein av dei tre beste pâtisserie i Saint-Jean-de-Luz.

2.Macarons de Maison Adam
Gløym alt du har høyrt om macaronar i Paris (Ladurée, Pierre Hermé osb.) – det er dei tradisjonelle macaronane som verkeleg er gode! Okay, okay, så er eg ingen tilhenger av dei søte, fargerike macaronane med fyll frå hovudstaden, men eg lovar deg at tradisjonelle macaronar er herleg friske! Maison Adam i Saint Jean de Luz har laga desse sidan 1660, og oppskrifta har visst ikkje forandra seg sidan då, så du kjem til å smaka macaronane nett slik som Louis XIV (som gifta seg her i byen) gjorde. Dei er lette og luftige og litt seige. Eg kjøpte ein pakke på fire til €3, som var meir enn nok for meg (og varte veldig lenge; kakene held seg godt!) men det finst mange forskjellige pakkar. Komisk nok har eg hatt desse ''originale macaronane'' fleire plassar i Frankrike, frå Nancy i Lorraine til Saint-Émilion i Aquitaine og Saint-Jean-de-Luz i Baskarland; alle har vore laga der i århundre og dei smakar skjønt likt. Det einaste dei har til felles er at alle vart funne opp av nonner.



3.Touron
I det siste har franskmenn i Baskarland byrja å lika og utvikla det spanske delikatessen turrón – mandelmasse (pâte d'amande) med sukker og smak. Dei vart selde overalt i Baskarland, men eg likte godt den eg kjøpte i Maison Adam (med sjokoladesmak til €1.80), der smakane var relativt nøytrale utan mykje fargestoff. Ved Paries selde dei touron med det baskiske flaget, som jo var litt stilig, men litt vel fargerikt til å vera mandelmasse. Uansett, likar du marsipan er dette området for deg! 

4.Kanougas
Kanougas var noko av dei beste karamellane eg nokon gong har ete, og eg bur i Bretagne! Ein kanouga er ein fløyelsmjuk smørkaramell som vart funnen opp i 1905. Nokre av dei har smak, og min personlege favoritt er Tinousky, som har litt kaffi i seg. Du kan kjøpa dei enkeltsvis eller i pakke. Eg kjøpte ein pakke med kanougas og sjokoladekaramellar (òg ganske typisk for dette området, til €5) som var ganske så herleg. Den mest tradisjonelle kanougasbutikken i Saint-Jean-de-Luz er Paries, men dei sel vel så gode kanougas i Maison Adam og Henriet. Vert eg drepen om eg seier dette? Kanskje :) 



5.Chocolate au piment d'Éspelette
Dette er heilt generelt: all vanleg sjokolade i Baskarland er eigentleg sjokolade med piment d'Espelette, eller lokal chili frå Espelette. Nøytrale sjokoladar må du leita litt lenger etter, og då står det spesifikt kva for ein type det er. Men spør du om sjokolade, får du sjokolade med piment d'Espelette. Ikkje det at eg synest det er leitt på nokon måte. Eg byrja tidleg å tilsetja chili i kakaoen min, så den gamle blandinga av chili og sjokolade var noko eg var veldig van med. Spørsmålet er heller koss vil du ha sjokoladen din? Som ei heil sjokoladeplata med store chilistykke, eller som små delikatesser i søte esker med chilipulver? Ja takk begge delar seier no eg! 

6.Pavé noir sjokoladen frå Henriet
Endå meir sjokolade? Endå meir? Ja, men dette er ikkje kva for ein type sjokolade. Dette er ein pavé noir frå Henriet (ca. €4). Den ja. Akkurat. Nei, men seriøst. Mørk, delikat med litt knus her og litt knas der – treng eg seia meir?


7.Chocolat chaud au Miremont
Miremont i Biarritz er ein av dei stiligaste tesalongane/kafeane eg har vore i på lenge. Som dei aller fleste favorittplassane mine har han ei lang historie (anno 1872), som tilfredsstiller historienerden i meg så vel som gourmanden. I Biarritz sine glansdagar (då byen hadde kallenamnet ''Queen of resorts and resorts of the Kings'') var Miremont ein populær møteplass for dei med titlar. Skrivaren Rostand skreiv ein gong at ''ved tetid var det færre bakerivarer i Miremont enn dronningar og færre rum babas enn storhertugar''. kong Alfonso XIII of Spania, kong Edward VII av Storbritania, dronning Amelia av Portugal og dronning Natalie av Serbia var berre av ei handfull av kongelege som var her jamnt og stadig. Det seiest jo at sjølve Bismarck tok turen hit då han ferierte i Biarritz! (og smugtitta på dronning Eugénie av Frankrike, som han visstnok var forelska i... men no sladrar eg).

Men uansett, Miremont er verdt å besøka ikkje berre for historia, men for maten og drikkene (mange av desse er akkurat like dei som dei selde for hundre år sidan!) og mest av alt, for kakaoen, eller varm sjokolade som eg bør presisera når det er rein sjokolade som er brukt, og ikkje kakaopulver. Du får to koppar varm sjokolade for 5 (eller var det 5.50? Usikkert! Ein snill kar spanderte på meg :) ) i eit utruleg fint rom med utsikt over havet. Sjokoladen i seg sjølv er ein nydeleg balanse mellom bitter og søt, tynn og tjukk; fortryllande rett og slett. Ikkje fullt like god som den eg hadde i Cazenave, men god likevel. Gode bakverk har Miremont òg.

Mouchou (kyss)!