Fire timar i San Sebastian-Donostia | Spania


  
Etter tre dagar med avslapping og boklesing i Bayonne var eg klar for litt aksjon. Virgin Megastores hadde storsal i samband med den økonomiske krisa, og eg som ein god og pliktoppfyllande student kjøpte ein stor handlepose med godteri – fransk litteratur inkludert Alexandre Dumas, Victor Hugo og Jules Verne, pluss eit par Oscar Wilde-bøker på fransk (og alle desse, må eg berre poengtera, fann eg i barneseksjonen. Barn no til dags sluttar jo aldri å lesa The Importance of Being Earnest!). 

Uansett. Eg ville ha aksjon, så den siste kvelden før avreise bestemte venninna mi seg at ho måtte ta meg ut på noko, og det vart avklart at me skulle ut på byen for ei siste middagsoppleving. ''Kor er restauranten?'' spurde eg, uskuldig og naivt. ''I Spania, vel.'' svarte ho. Ja middag i Spania. Kvifor ikkje? Eg hadde jo sjølvsagt ikkje hinta sterkt at eg hadde litt lyst til å ta ein tur innom spansk Baskarland. Nei, dette var noko ho fann på heilt av seg sjølv. Uvanleg for ein nordmann, kanskje, så hadde eg aldri vore i Spania før denne litle middagsturen. Eg hadde alltid hatt lyst til å dra, men var ikkje interessert i turistfellene og ein bråte med andre nordmenn, der norske aviser vert selde. Skal eg til Spania, vil eg oppleva Spania. Heldigvis var Spania berre ein halvtime frå Bayonne. Då vart det til slutt at faren til venninna mi køyrde oss ned, saman med eit par andre venar, og stemora, til San Sebastián (Donostia på baskisk).


No er eg jo norsk, og frå vestlandet i tillegg, så naboland er noko som eg må enten ta båt (England/Danmark), fly eller køyra (Russland/Finland/Sverige osb.) langt for å nå. Det er i grunnen ganske vanskeleg å koma seg ut frå Rogaland. Til og med her i Frankrike bur eg langt frå noko anna land – den belgiske grensa er meir enn seks timar mot nord, den spanske åtte-ni mot sør og alle andre (Italia, Monaco, Luxembourg, Tyskland) er ennå lenger vekke. Frå Bretagne kan eg teknisk sett ta båt til både Irland, Spania og Wales, men det er jo litt av rogalandskomplekset. Så ein liten køyretur til ein heilt annan kultur med eit anna språk er, for meg, ''dritkult''.
San Sebastián er kjent i Spania og Frankrike som ein av dei beste txikiteo-byane. Txikiteo er ein slags baskisk tapas-hopping konsept, der du går frå bistro til bistro og bar til bar saman med venar eller familie. Kvar plass har sin eigen spesialitet, sin eigen pintxos-rett verdt å prøva. Pintxos, eller baskisk tapas, er ein veldig sosial måte å eta middag på. Pintxos er ofte sette saman med tannpirkarar, og det vert og brukt for å sjå kor mykje ein kunde har ete. Definitivt eit system bygd på tillit her ja! Så vidt eg veit, er det ikkje middag i seg sjølv, men eit slags mellommåltid mellom lunsj og middag. Spanjolar et som kjent veeeldig seint; det varierer sjølvsagt frå område i Spania, men fleire av mine spanske venar et så seint som elleve eller tolv om natta! Galskap. 







Det beste pintxos-området i San Sebastián (slik eg forstod, i alle fall) er i Parte Vieja, gamlebyen, som er full av bistroar og folk som enten er på veg til ein restaurant eller er på veg ut av ein. Fyrste stopp for oss vart den kjente sjømatrestauranten Bernardo Etxea. På veggene er det stappfullt av bilete av restauranteigaren og kjendisar, deriblant Meryl Streep, Samuel L. Jackson og fotballspelaren Raúl. Me gjekk ikkje inn i sjølve restauranten, men valde i staden å eta ved pintxos-området, der me stod tett i tett i lag med ein bråte med andre pintxos-etande folk. Her delte me ein tallerk frityrsteikt blekksprut med egg, mjøl og sitronjus. Ein herleg, herleg rett! 

Neste stopp vart Plaza de la Constitución, eller konstitusjonsplassen, som er full av barar, bistroar og restaurantar. Det er her dei aller beste barane er (og veldig mange gode smørbrødplassar!) og me berre måtte stikkaa innom ein bar fordi ''du må jo kjenna forskjellen mellom fransk-baskisk sider og spansk-baskisk sider''. Heilt greitt. Eg kom jo for å utforska spansk-baskisk mat, og rett nok smaka sideren annleis. Mindre søt, meir bitter. Ganske god. Frå Plaza de la Constitución tok me turen til Goiz Argi, som betyr ''morgenlys'' på baskisk. Denne pintxosbaren er kjent for sine pintxo de gambas, grilla baguetteskiver med reker og saus på toppen og mykje olje! Og det var den beste rekesmørbrødet eg nokon gong har ete! Faktisk så ville eg sagt det var den beste retten med reker eg nokon gong har smakt.

 



René Descartes sa ein gong ''Ex nihilo nihil fit'', eller ''Ingenting kjem frå ingenting''. Og han hadde heilt rett. Verdas beste ost- og skinkesmørbrød, til dømes, kjem frå ei herleg, men enkel, blanding av varm Manchego-ost og jambon serrano. Den beste plassen, etter den allvitande faren til venninna mi å dømma i alle fall, for dette smørbrødet er La Cepa. ''Nei men, dette var jo heilt fantastisk!'' fortalde eg venninna mi. ''Dette var jo... oi.'' Det har seg no slik at når osten og jambon serrano-skinka vart oppvarma i baguetten dryp feittet (og dermed smaken) frå skinka ned på osten og brødet, slik at heile smørbrødet smakar himmelsk. Eg overdriv ikkje, det var heilt fantastisk. Det slår meg kor enkel baskisk mat er (og kanskje spansk og, no har eg jo ikkje heilt prøvd den ennå), men eg er heilt frelst. Utruleg mykje smak, utruleg god. Smørbrødet skal eg definitivt prøva å laga heime i Noreg!



Sjølv om eg berre var i Spania i nokre få timar, merka eg ein stor forskjell mellom spanjolar og franskmenn når det gjeld karakter, arkitektur osb. Baskarane her snakkar meir baskisk enn i dei franske områda, og heldigvis kunne stemora til venninna mi baskisk så me fekk høyra mykje av dette nydelege og unike språket. Eg må nesten koma meg ned igjen ein gong i framtida :)
PS: Rådhuset (Donostiako Udala på baskisk eller Ayuntamiento de San Sebastián på spansk) er òg nydeleg, og vel verdt eit besøk.