Peparkakebyen Bergen, Norway


God fredag til storfolk og småfolk! Er de ikkje glad for at det er helg snart? Det er så gøy! I morgon kjem Gavin heim igjen, og det vert knallgild å sjå han :-) Han har vore ute og tenestegjort for Canada lenge nok no, for storparten av ekteskapet vårt faktisk, altså fem av nesten åtte veker, og no vil eg ha han for meg sjølv igjen. Me har nemleg planar om å besøka ein julemarknad saman! Det er noko eg har gledd meg til lenge, å dra til Tyskland på juletur og drikka glühwein med favorittmannen og berre vera lukkeleg. 

Men eg har faktisk vore i julemodus ei stund no! For då eg var i Bergen drog eg til peparkakebyen med han far. Peparkakebyen er eigentleg ein symjehall forvandla til ein julehimmel med mange peparkakehus, -menneske og -dyr og alt som høyrer peparkaker til. Det var utruleg koseleg å berre vandra rundt byen, og eg kom i julestemning for fyrste gong i år! Husa er nydelege kunstverk. Eit lite Louvre i Noreg. Retten og sletten.



Big Ben!


Fløibanen :-)







Er ikkje dette noko av det mest koselege du nokon sinne har sett?




Hurtigruten med seigmenn!

 
Eiffeltårnet ved elva. 


 Dragen i Hobbit-filmane :-)






Herlighet så fint!



Bryggen i Bergen... trur eg!



Denne vakre Vasilijkatedralen var nesten like fin som den eg såg i Moskva for to og eit halv år sidan.



Peparkakebyen i Bergen er open kvar dag mellom 09:00-21:00 (09:00-20:00 på laurdagar og 11:00-19:00 på sundagar) frå 22. november t.o.m. 31. desember. Gå og ta ein titt og følg hjarta ditt  - og gjerne også nasen din - rundt utstillinga. Det skal ikkje meir til for å verta storlukkeleg!