Nostalgi (frå gresk nostos ''heimreise'' og algos ''smerte) (1) sterk heimlengt eller (2) ein sentimental lengt attende til ein tidlegare del av livet eller til eldre tider.
Ein gong iblant vert eg truffen av ein tsunami av heimlengt som slår meg hardt i brystkasse og gjer meg kjempelei. Det er dei dagane eg gomlar i meg mjølkesjokolade frå Freia, slurpar i meg Toro fiskesuppe og et brødskiver med brunost på. Då er det godt å vita at mitt kjære Noreg er berre ein to timars flytur frå Belgia.
Forrige veke var eg i Bergenstraktene for å besøka mor og far, og for å ta ein helgetur til Trondheim med mine nærmaste venar. Eg gleda meg kjempelenge til å dra, og hadde det knall då eg var der. Iblant all kosen fekk eg òg tid til å dra på litt sightseeing rundt i byen, og tenkte eg skulle dela mine favoritt turist-plassar med dykk i dag.

Ifylgje sagaene var det i området rundt Bryggen at Bergen vart grunnlagd. Det er altså hjarta til Bergen. Eg likar å tru at det er difor Bryggen varmer hjarterota mi. Det er mykje kjærleik mellom oss.
Julehuset er favoritthuset mitt på Bryggen. Ikkje noko gale med julestemning heile året :)
Eg elskar skeive bygningar! Dei har så mykje sjel i seg.
Fisketorget
må du reisa til om du er i Bergen! Det er så utruleg spennande å
utforska!
Eg har enorm respekt for fiskar. Dei er heilt fantastiske vesen. Laks kan til og med kjempa seg mot straumen og hoppa over fossar for å gyta. Dette er det same som om eit menneske skulle hoppa over tre etasjar. Superfisk!
Sist gong eg var det, kjøpte mor både røykjelaks og røykjesild, og me fekk smaka røykjekval og fiskesuppe av ein koseleg mann frå Litauen. Me kjøpte og ein fisk eg ikkje hugsar namnet på, som var vanskeleg å eta fordi han hadde så mykje bein. Men det var deileg.
Det
Lille Kaffekompaniet er ein fantastisk kafé med fantastisk kaffi
og heimelaga kaker. Gå dit!
Eg kjøpte eit stykke suksesskake og ein cappuccino. Det gjorde godt for magen.
Bergenshus Festning er faktisk den einaste festninga på vestlandet, og stammar frå 1200-talet. Det var ein gong festninga var landets hovudkvarter då Bergen framleis var landets hovudstad. Ei tid for lenge, lenge sidan.
Håkonshallen er den største sekulære bygningen frå mellomalderen i Noreg.

For meg er det eigentleg berre bra, fordi då kan eg gå overalt istaden for å køyra. Sentrum i Bergen består av eit par kvartal med kafear, museum og småbutikkar, og det er meir enn nok av ting turistar frå Japan og Tyskland kan ta bilete av. Kos!