Patina Kafé, Evanger | Noreg



Kjærleiken min til vintage- og antikkafear er, vil eg tru, inga stor overrasking. Difor er det kanskje ikkje vanskeleg å skjøna gleda mi då me på tilfeldigvis køyrde forbi Patina kafé, omlag 20 km frå Voss. Gøymd mellom trehus frå 1930-talet i den vakre landsbygda Evanger (kafeen i seg sjølv ligg i ei gammal sjøbu), vart Patina kafé opna i 2010 av tre venninner, Turid, Irene og Hilde.
 
Eigentleg er det litt misvisande at eg skriv kafé. Patina er ikkje berre ein kafé og interiørbutikk, men firdoblar seg til ein kafé/interiørbutikk/vintage-butikk og gjestgivargard. Her finn du alt frå femti år gamle stolar og bilete til moderne bestikk og tapet, handlaga duppedittar og eit stort utval av matvarer – frå pasta til te til sjokolade – til sal. Og som om det ikkje var nok, tilbyr Patina også to leilegheiter med 13 senger til saman, med felles stove, kjøkken og toalett. I tillegg er det mogleg å vera i hagen.

Og maten? Vel, den var kjempegod! Alt er 100% økologisk, og mesteparten av maten var dessutan heimelaga. Du kan velja mellom ymse sortar økologisk te, kakao, kaffi, brus og saft, inkludert den originale bjørkejusen (!) Dessutan tilbyr dei fleire heimelaga kaker, brød og enkle lunsjretter – i mitt tilfelle, ein heimelaga focacciasandwich med ferske grønsaker og lokalskinke, pluss økologisk bringebærjus; eit fantastisk ensemble. Om du nokon gong er i Voss, eller på veg til Hardanger, eller til og med om du ikkje er nokon av stadene, må du besøka Patina!

Patina Bruktkafé  & Overnatting | Knute Nelsongt 17, 5707 Evanger | Telefon: +47 90 93 91 93