London sin 1# Salon du chocolat | England

 


Ingenting, kanskje med unnatak av svolt, krig, fattigdom, dødsfall, katastrofer og springing i oppoverbakke med ein tømmerstokk med traktorhjul dinglande på, er verre enn sjokoladetrong. Ingenting. Rien. Nichts. Du kan gjerne vera ueinig, men då har du ikkje sett abstinensymptoma mine. Mellom oss sagt, liknar forholdet mitt til sjokolade meir på ei hysterisk, galen besetting enn ei kjærleikssoge. Om eg går veker utan sjokolade, vil eg skamlaust hiva meg over pakkar av sjokolade som om livet stod på spel. (Ikkje dømm meg. Eg har sett verre.)

Heldigvis har det ikkje vore noko form for sjokoladeabstinensar i det siste. Tidlegare i oktober reiste eg på helgetur til London, ser du. Eigentleg hadde eg planar om å fortelja dykk om det før, men eg har vore så travel at eg har så vidt hatt tid nok til å kle, mata og vaska meg sjølv. Skriving og publisering har ikkje vore på timeplanen, for å seia det slik. Men eg er veldig glad i London. Det er slik ein herleg by, frå brusteinsgatene til maten og metroen og – sjølvsagt, dei lokale. Og det var før Salon du chocolat!

Du har kanskje høyrt om Salon du chocolat før. Trass alt er det verdas største sjokoladefestival, med ein årleg hovudfestival i Paris. I fleire år har eg lese om festivalen i Paris på ymse bloggar, så då eg høyrde at han skulle koma til London for fyrste gong, gav eg streng beskjed til kompisen min om at sjokolade skulle koma til byen, så ''me mååå få tak i billettar!'' Det var ein fantastisk laurdag, med mykje sjokolade, smaksprøvar og ein god dose av spenning (det kan ha vore sukkeret som spela inn òg.) Men alt i alt, mykje ''ååå'' og ''oiar''.

Nedanfor har eg skrive litt om sjokoladane som ikkje berre fekk ein ''oi''. Dei fekk den skikkelege ''oien'' – ein hjartegod, ekte ''OI!'




Artisan du chocolat – Eg skreiv om Artisan du chocolat i den siste London-posten min, men han fortener mykje omtale, for det er verkeleg ein britisk juvel. Sjokoladen deira, inkludert den klassiske salta-karamell-perla, vert laga i Kent frå malte kakaobønner og tørka britisk mjølk. Dei lagar også saftig, smakfull, nydeleg iskrem - ein must, til og med i oktober.

Benoît Nihant – Ingen sjokoladepost kunne vore heil utan å nemna belgiske sjokolade. Få av dei ''tradisjonelle'' belgiske sjokoladebutikkane var representerte på Salon (trass alt låg fokuset på britiske handverkarar), men det var eit par små, belgiske sjokoladeeigarar som fekk visa seg fram likevel. Benoît Nihant og kona hans Anne lagar all sjokoladen sin frå botn av, med kakaobønner i staden for kakaomasse. Eg har skrytt av mandelmjølk-sjokoladen deira heilt sidan eg kom heim!

The Brownie Bar – Om du likar brownies, og du ikkje er i Nord-Amerika, er The Brownie Bar eit bra val (kanskje eit dårleg kompliment, men du veit kva eg meiner.) Systrene Sarah og Rachael i Newcastle lagar browniar og blondiar av alle slag, men aller best er kanskje den klassiske brownien deira. Fantastisk.


 


The Chocolatier – Om eg ikkje tek heilt feil no, var dette vår fyrste stopp på Salon. Sjokoladekunstnaren Aneesh (som me fekk møte!) sel varene sine til Michelin-stjerna restaurantar, 5* hotell og den britisk kongefamilien. Han brukar ikkje krem, smør eller mjølk i sjokoladane, men vatn og olivenolje (!) Eg kjøpte ein boks med kaffi- og hasselnøttsjokoladar, som eg gladeleg åt utan noko form for skam i løpet av eit par dagar.

Giordano Cioccolato – Ein ting me raskt la merke til, var at italienarar lagar dei beste hasselnøtt-sjokoladane i verda, sjølv om dei ikkje nødvendigvis lagar den beste sjokoladen. Og ein av dei beste sjokoladebutikkane i Italia er Giordano Cioccolato (anno 1897), driven av Faletti-familien i Torino, som lagar to utruleg gode sjokoladar: Giandjotti og Giacomette.  Båe er handlaga med kjærleik og ingrediensar av høg kvalitet: Piedmont-hasselnøtter, 100% kakaomasse, brunt sukker og lite anna. Knallgodt.

Henri le Roux – Utan tvil ein av dei mest prestisjetunge sjokoladebutikkane i Frankrike – og ein som, til mi store glede, har hovudbutikken ikkje i Paris, men i Bretagne. Mange av Roux sine kreasjonar er laga med bretonske ingrediensar, slik som fleur de sel, crêpeskjeks og, sjølvsagt, smørkaramellar. Og om sjokolade ikkje er di greie (!), vil du nok lika å vita at le Roux også er Frankrike sin einaste caramélier, og skapar av den verdskjende salta smørkaramellen.



 


 
Fudge Kitchen – Ikkje akkurat sjokolade, men vel verd å nemna likevel. Fudge Kitchen har laga deileg fudge utan tilsettingsstoff sidan 1983 med oppskrifter frå 1800-talet. Deira 'double-trouble fudge' var tullete god!

Iain Burnett – Også kjend som The Highland Chocolatier. Utan tvil, for meg i alle fall, var Skottlands geniale sjokoladekunstnar sjølve stjerna på festivalen. Det aller beste Iain lagar, er hans kjende 'Velvet Truffle', laga av kvalitets-kakao frå São Tomé og fersk, skotsk krem, og som tok den prestisjefulle Academy Chocolate Awards med storm. Du finn berre ikkje slike trøflar andre plassar. Ikkje eingong i Belgia. Nam (Me fekk og møta Iain sjølv, som er ein utruleg hyggeleg kar :)

Melt Chocolates – ''Melt is #1 of the smartest, most progressive chocolate shops in London'' -Financial Times. Treng eg å seia meir? (Unntatt: GÅ PRØV SJOKOLADEN...!!!)

Middletown Hill/Marou Chocolates – Marou Chocolates, importert til Storbritannia av Middletown Hill, er Vietnam sitt fyrste sjokoladefirma som lagar sjokolade frå kakaobønner. Me var heldige nok til å få prøva den spesielle Salon-sjokoladen deira, laga frå kakaobønner planta på ein gard på ein liten øy i Mekongelva. Ganske spesielt, og godt var det òg!


 
 
 
Prestat Chocolate & Truffles – ''I do so adore truffles, as Prestat makes them'' -Roald Dahl. Om ikkje forfattaren av Charlie og sjokoladefabrikken overtalar deg til å ta turen innom Prestat, kan kanskje statusen som hoffleverandør gjera det. Dei lagar nydeleg mjølkesjokolade og interessante nye smakar som mørk sjokolade med rosa Himalaya-salt – og trøflane deira er verkeleg veldig gode!

Rococo Chocolates – Blant dei britiske sjokoladekunstnarane var det Rococo sine sjokoladar eg var mest gira på å prøva. Eg likte deira klassisk design, etiske silkeglatte sjokoladar og hjelpsame service veldig godt, og gjekk frå boden deira med ein stor pose av mjølke- og mørke sjokoladar til troppen min i luftforsvaret. Du kan trygt seia at sjokoladen forsvann ganske fort ;)