Barrios av Buenos Aires | Argentina



''Latinos are tenderly enthusiastic. In Brazil they throw flowers at you. In Argentina they throw themselves.''
-Marlene Dietrich

Sjølv om det har gått mest ein månad sidan eg drog frå Buenos Aires, er det framleis mykje eg ikkje har fortalt. Sjølvsagt er maten ein viktig grunn til å reisa til denne byen, men du kan ikkje eta iskrem og saftige steiker heile tida, kan du? Hm, kanskje eg kunne, men eg går ut frå at dei fleste av dykk ikkje ynskjer å gjera det.


Er det ikkje rart korleis byar aldri heilt er slik du tenkte? For nokre månader sidan ville eg ha meint det høyrdest merkeleg ut med ein by som både var fransk og italiensk, spansk og tysk. Eg hadde ofte høyrt og lese at Buenos Aires var «Sør-Amerikas Paris» og «meir europeisk enn sør-amerikansk», at byen hadde ein kontinental atmosfære, eit elegant bylandskap og trendy menneske. Ja, det finst område i Paris-stilen fin-de-siècle, med kafear som var dekorerte à la mode française, og med ein dåm av Paname

Men eg hadde ikkje venta byen skulle vera så italiensk. Det var fleire bydelar som var bygde i italiensk neoklassisk stil enn det var som var i franske stilartar, og som du kanskje har lagt merke til, er ein god del av den argentinske maten av italiensk opphav. Sjølv spansken deira liknar italiesk. Porteños  (ekte B.A-folk, «Hamnefolk») snakkar såkalla español rioplatense, som har ein rytme og eit tonefall som mest av alt liknar Napoli-dialekten av italiensk. Om du ikkje bryr deg in orda, minner språktonen, faktene og dramatikken i ordskifte mellom porteños mykje om italiensk. Men det er kan henda ikkje så merkeleg, etter som 80% av porteños (etter det dei sa) har italienske anar.

  Kanskje eg ikkje skulle verta overraska – Buenos Aires har alltid vore ein kulturell smeltedigel. Byen har, frå han tok til i det små (då han gjekk under det solide namnet Ciudad de la Santísima Trinidad y Puerto de Santa María del Buen Aire) til i dag, hatt ei svært avslappa haldning til innvandring. Mellom 1821-1932 var det berre USA som tok imot fleire immigrantar enn Argentina, som sleppte inn heile 6,5 millionar. Etter 2. verdskrigen vart Argentina kjent for å opna dørene til ei meir tvilsam gruppe menneske, nazistane og dei som sympatiserte med dei, då dei rømde frå Europa for å sleppa unna dom (og Mossad) for brotsverka sine. Mange har høyrt om Josef Mengele, Adolf Eichmann og Klaus Barbie.  Men rett skal vera rett, i same tidsrommet  tok Argentina òg imot fleire jødar enn noko anna latinamerikansk land. I dag har landet den sjuande største jødiske folkesetnaden i verda (etter Israel, USA, Frankrike, Canada, UK og Russland), mest 200.000 menneske.







Eller kanskje det var denne samansmeltinga av kulturar og innvandrarar, mange av dei høgt utdanna, som førte til at Argentina tidleg på 1900-talet vart eit av dei rikaste landa i verda (nr. 8, for å vera nøyaktig), med ei innkome per innbyggjar som var fem gonger høgare enn i grannelandet Brasil. Diverre braut økonomien etter kvart saman på grunn av politisk uro og militærjuntaer, til landet i 2001 var konkurs. I våre dagar gjer ein inflasjon på 25% i året Argentina til eit dyrt land ikkje berre for dei som bur der, men òg for alle som reiser dit.

Det er vel òg grunnen til at du alltid må ha eit auga på eigedelane dine, sjølv om byen er tryggare enn t.d. Rio de Janeiro eller La Paz. Eg tok bilete berre når dei fastbuande venene mine gav meg grønt lys, og sjølv då gøymde eg kameraet snøgt vekk etterpå. Heldigvis vart eg berre truga med kniv éin gong – av ein ung gut som var patetisk uprofesjonell. «Eg vil ha ein dollar!» ropa han medan han retta kniven mot meg. «Du vil ha ... ein dollar? Kva skal du kjøpa, ein empanada?» Me skulle truleg ikkje gjort det, men byrja slutt å le av han. Då strauk han sin kos tomhendt. Eg kan berre vera takksam til Gud for at han ikkje oppdaga kameraet mitt, endå om det nok kan henda han berre villa ha bede om loket over linsa. 









Men tilbake til turistnæringa. Ein tilfeldig opplysning: Buenos Aires er faktisk byen med flest besøkjande i heile Sør-Amerika og stiller berre bak Mexico City i Latin-Amerika. Dette er fullt fortent, for byen er eit Mekka for alle som er glade i kultur. Ikkje berre har han den travlaste teaterindustrien i Latin-Amerika, men han var òg den fyrste byen som UNESCO kalla «Bokhovudstad». Eg kan likevel ikkje fri meg frå tanken at Buenos Aires ville ha vore endå betre om han ikkje hadde vore fullt så stor. Etter Stor-São Paulo, er Stor-Buenos Aires det største byområdet i Sør-Amerika, med eit folketal på rundt 13 millionar.

Dette området er delt inn i 48 barrios, eller bydelar. Diverre hadde eg ikkje tid til å utforska meir enn dei seks som har flest turistar: La Boca, Recoleta, Palermo, San Telmo, Puerto Madero og San Nicolàs. Nedanfor har eg sauma saman ei kort skildring av eventyra og opplevingane mine i kvar av dei. Lat meg med ein gong understreka at eg ikkje er nokon ekspert, men eg håpar det vil gje deg ein ide om korleis desse barrios er!













La Boca: Dette er kanskje den bydelen som er aller mest prega av turistme. La Boca (“Munnen” eller “Osen”, sidan bydelen ligg ved utløpet av elva Riachuelo) bestod før berre av skipsverft og arbeidarane som arbeidde der, dei bygde seg hus av material som vart til overs når skipa vart bygde. No er denne brulagde turistfella fylt av seljarar, svindlarar og skremmande mykje kriminalitet. Maradona er måla på kvart gatehjørne, somme stader saman med Lionel Messi og andre kjende argentinarar, som Evita, Che, den nederlandske dronninga Maxima (som opphavleg kom frå Buenos Aires), og det siste tilskotet, paven.

Ting å sjå: La Bombonera, det massive stadionet til Boca Juniors (ein viktig fotballklubb). Ein kamp mellom dei og erkefienden, River Plate, er på på lista over “100 ting du må prøva før du døyr”. Caminito, den kjende gata full av fargerike kunstnarstudio. Det var den lokale kunstnaren Beniot Quinquela Martin som hadde ideen til Caminito. I 1960-åra måla han veggene i det som då var ei forlaten gate. Han ville skapa ein stad for Porteño-kunstnarar. Hald auga opne for tango-dansarar.

San Telmo: Dette er den eldste bydelen I Buenos Aires og har ein atmosfære prega av kolonistil, brustein, kafear og tangorytmar. Bydelen er full av antikvariat og galleri. Området er oppkalla etter vernehelgenen for sjøfararar, San Pedro Gonzáles Telmo. I fyrstninga budde berre hamnesjauarar og teglverksarbeidarar her, før det vart eit industriområde. No er det ein kunstnarbohembydel med mykje historie og nostalgi. Det er absolutt ein av dei barrios eg likar best.
Ting å sjå: Feria de Antigüedades, den vidkjende sundags-atikvitetsmarknaden, som er ein rein juvel. Når marknaden er open, ser du ei mengd gatemat og tangodansande gateartistar. Dette må du sjå!

Puerto Madero: Ein av dei mest moderne og “pene” stroka i Buenos Aires. Her er alle gatene kalla opp etter kvinner. Tidlegare var denne bydelen nærast ein søppelplass. Det byrja historia som ei hamn (det ligg jo i namnet), men vart berre nytta slik om lag 15 år. Heilt til for 10 år sidan var Puerto Madero eit farleg og fattig barrio. No er det fylt med supertrendy og dyre restaurantar, så vil du eta her, må du ha pengane klar! Likevel er det fint å gå langs elva i Puerto Madero, og det er eit av dei tryggaste områda i byen.









Recoleta: Dette er den vakraste bydelen i heile B.A., etter mi meining. Han er oppkalla etter Rekollekt-greina av Fransiskanarordenen. Her bur dei rike, og det er på grunn av denne bydelen at Buenos Aires har vorte samanlikna med Paris. Her finst slott i fransk stil, mellom dei den franske ambassaden, som er så vakker at han tek pusten frå deg og får deg til å tru du er i Paris, den brasilianske ambassaden ved sida av (fin, den òg), den underleg store ambassaden til Vatikanet og luksushotell, som Alvear Palace Hotel.

Ting å sjå: Recoleta gravlund (Cementerio de la Recoleta), som BBC/CNN har peika ut som ein av dei vakraste gravstadene i verda. Her finn du gravene til kjende argentinarar,  nobelprisvinnarar, presidentar, dotterdotter til Napoléon og Eva Perón. Gratis inngang. Stikk òg bortom Feria de Artesanos de plaza Francia, ein sjarmerande hippiaktig marknad, og dei mange parkane i bydelen.

Palermo: Denne bydelen, som er avant-garde og liknar Notting Hill, er kjend for dei mange restaurantane, handlesentra, barane og nattklubbane. Han er oppkalla etter den fransiskanske klosterkyrkja St. Benedict av Palermo (vernehelgenen til byen Palermo på Sicilia, det var vel inga overrasking). Dette barrio er så stort at det er delt inn i under-barrios, mellom dei Palermo Viejo, Hollywood, Soho, Alto, Las Cañitas og Chico. Alle desse namna, medrekna «viejo» (gammal) er nyare påfunn, sjølv om Palermo har vore ein populær plass å bu heilt sidan seint på 1800-talet.
 
Ting å sjå: Palermo har mange ting å visa fram, endå om du utelukkar dei mest populære aktivitetane: å eta, drikka og ir de compras («gå på shopping»). Besøk Den botaniske hagen, Den japanske hagen og Buenos Aires dyrepark eller eit av dei mange kunstmusea. Eg må vedgå eg gjorde ikkje noko av dette, brukte i staden tida på mat og drikke saman med lokale.



San Nicolàs: Ofte kort kalla «El Centro». Mykje av Buenos Aires sentrum ligg i denne bydelen, særleg distriktet for finans og politikk. Ein kan spora det tilbake til 1733, og bydelen er dermed ein av dei eldste i byen. Det var òg her det argentinske flagget vart heist for fyrste gong i 1812.

Ting å sjå: Obelisco vart bygd for å markera 400-årsdagen for Buenos Aires og er å finna på Avenida 9 de Julio, den breiaste gata i verda. Eg oppdaga ved grundige vitskaplege forsøk at viss du spring fort, kan du kryssa heile gata på eitt grønt lys. Har du magen full av kjøt og iskrem, greier du alle lysa så nær som eitt. Går du, må du dela gata i to, som inneber at du må stå midt i gata og venta medan bilane køyrer forbi. Det er ikkje overlag morosamt, særleg ikkje i Bs. As., der det kan verka som sjåførane prøver å finna ut kor nær deg dei kan køyra utan at hjula rullar over føtene dine (svært nær, viser det seg) og korleis dei best kan sjå bort frå det raude lyset.

Galerías Pacífico; eit herleg handlesenter som gjer seg godt på bilete (du kan òg kjøpa klede, viss du har råd til dyre designdrakter). Det har òg historisk interesse sidan det var her militærjuntanen som styrte landet frå 1976 til 1983 hadde tortursenteret sitt. Plaza de Mayo, der du ikkje berre vil sjå det gamle rådhuset der Argentina sitt sjølvstende vart proklamert, og Buenos Aires domkyrkje, der paven var tilsett før han vart pave, men òg la Casa Rosada, Det rosa huset, kontoret til presidenten. Ho bur ikkje her – bustaden hennar er Quinta de Olivos, og ho reiser til å frå med eige helikopter, fortalde ei tylft misnøgde argentinarar meg. Gratis inngang, guida turar på spansk.

Teatro Colón, eller Colombus-teateret, er rekna å vera mellom dei fem beste konsertarenaene i verda, den beste når det gjeld akustikk, og den Luciano Pavarotti sette høgast. Eg tok ein guida tur og fekk sitja i stolen til presidenten. Ho kjem visst nok aldri, men stolen må stå tom i fall ho skulle gjera det. Lat det vera som det vil, stolen var det verste setet i huset, rett ved sida av scena, ho kan ikkje sjå nokon ting. Derimot kan publikum sjå henne tydeleg, og eg har ein mistanke om at det er hovudpoenget. Eg var òg så heldig å få med meg ei framsyning – Mozarts «Figaros bryllaup», som var superb.

Vel, eg treng truleg ikkje fortelja deg at eg på dei åtte dagane eg hadde til rådvelde, ikkje eingong fekk tid til å skrapa i overflata på ein kultur så intrikat og kompleks som den i Buenos Aires. Åtte dagar er ikkje nok til å skjøna ein storby, for, i det minste etter mi meining, er det når alt kjem til alt, ikkje bygningar og kunstmuseum som tel, men menneska. Eg veit det er ein frykteleg klisjé, men sant å seia, grunnen til at eg elskar Buenos Aires er ikkje fordi det var ein overveldande by, men fordi eg mesteparten av tida var saman med fastbuande. 





Eg reiste frå byen med ei god kjensle. Ikkje den vanlege «Å for eit flott land/by det var», men meir som «Eg følte verkeleg eg vart litt kjend med Argentina og Buenos Aires». Argentina er eit nydeleg, forvirrande og fascinerande land, argentinarane er herlege og gjestfrie folk som likevel ikkje er altfor direkte. Ein soloppgang eller solnedgang over Pampas eller Patagonia er noko av det mest magiske eg har opplevd. Likevel trur eg det vil ta mange fleire turar før eg eigentleg kan byrja å forstå Argentina – eg drøymer allereie om den neste.