Muséum national d'histoire naturelle, Paris | Frankrike



Sjå den tigeren der. Er han ikkje sexy, vel? 
 
Viss denne tigeren hadde vore ein mann, hadde han vore det perfekte kuppet – med magnetiske, mysteriøse augo; sterke, proteinfulle kraftmusklar, utruleg mjuk hud og kvite, velpleidde tenner. Han hadde definitivt vore ein klisjé mannsfigur, av den hiv vekk den salaten og gje meg biff typen, med ein aggresjon som lett kunne kontrollerast med litt klapping på ryggen og kanskje litt kløing bak øyra. Heilt til eg var tolv var planen min å gifta meg med ein tiger, med unntak av dei korte periodane då eg heller ville gifta meg med Gandhi (i 1998), Leonardo da Vinci (i 2002 – for han var jo, liksom, så utruleg intelligent) og Cristiano Ronaldo (i 2004). Eg var på alle måtar eit forstyrra barn. Men, slik far poengterte, hadde det vore litt vanskeleg å møta sviger, spesielt då dei heilt sikkert heller ville ete oss enn middagen. 
 
Heilt sidan eg fekk klappa ein tiger i Thailand då eg var fem, i 1998, har eg elska desse kattane. Min generelle livsambisjon i ti år var å verta dyrlækjar. Av alle mine potensielle karrierar, har dyrlækjar vore noko av det som varte lengst, og eg hadde sikkert studert det òg, hadde eg ikkje tronge å kunna kjemi. Eg elskar framleis biologi. Og nevrologi (Men også for dette treng eg kjemi. Livet er tøft i blant.) Uansett, draumen min var å bygga og laga eit tigerreservat i India, med ein utdanningspark spesifikt laga for at folk skal læra om dyra istaden for å læra koss dei skal skyta dei. På eiga hand skulle eg altså redda tigrane i verda, og eg designa og teikna reservatet mitt ganske grundig, med bygningar, restaurantar, pedagogisk opplagt museum, og til og med suvenirbutikkar.

Nyleg fann eg dei arkitektoniske teikningane mine for suvenirbutikkane, der kvar ting på sal hadde prisar i fire forskjellige valuta – amerikanske dollar, norske kroner, taiwanske dollar og thailandske bhat. Eg var ei ambisiøs lita jente og gjorde mor galen med alle teikningane mine, slik at ho byrja å hiva dei berre for å få plass til dei nye eg teikna kvar dag. Stakkars mor. Ho forstod aldri kva det var eg hadde med tigrar. Komisk nok trur eg eg overreagerte litt med tanke på kor mykje land den indiske regjeringa hadde gjeve meg; reservatet eg teikna på eit kart av India viste at eg planla å ta ein fjerdedel av landet til beista. 

Men uansett, dette skulle eigentleg ikkje handla om tigrar, eller meg for den saks skuld. Eg skreiv meg berre vekk. I går drog eg til Muséum national d'histoire naturelle – det naturhistoriske museet – i Paris, der eg tok desse bileta. Overlat det til meg å ta 500 bilete av daude dyr. Ja, fem hundre. I grunnen så kom eg fordi eg hadde lese at ein tjuv hadde stole ei av støyttennene tilelefanten til Louis XIV, og fordi eg visste dei hadde ei ny dinosaur-utstilling. Eg fekk ikkje sjansen til å besøka dinosaurmuseet i Ulan Bator – Mongolia har fleire dinosaurfossil enn noko anna land – så eg følte at Paris kunne verta ei lita trøyst.  

Museet er herleg, med tre store kvalskjelett, og hundrevis av dyr fordelt på fire etasjar. Dinosaur-utstillinga er i kjellaren, sjødyr av alle slag i fyrste etasje, eit mangfald av pattedyr i andre etasje – for det meste afrikanske, med nokre arktiske og søramerikanske òg, medan tredje etasje tar deg gjennom utdøydde og trua dyr og fjerde etasje forklarar alt om evolusjonsteorien og reproduksjon. Museet anbefalast sterkt :) 
 
Pris på inngangsbillettar varierer etter kva for nokre utstillingar du vil sjå, alderen din osb. Eg kjøpte ein europeisk studentbillett for €7, som dekkjer både dinosaur-utstillinga og det vanlege museet.