Pairi Daiza-parken | Belgia


Det er ikkje ofte eg finn noko å utforska nær oss her nede i Belgia, men i det siste har eg bruka mykje tid i Pairi Daiza-parken 10 minutt frå oss. Pairi Daiza er delvis ein dyrepark, delvis ein park og delvis eit klosterruin. Eg vert så glad kvar gong eg er der :)
 

 
Folk kjem heilt ifrå Frankrike, Luxembourg, Tyskland og Nederland for å sjå parken, så kul er han. 


På 1100-talet var Pairi Daiza eit kloster, og ruinane kan du sjå i rosehagen, kyrkjegarden og i klokketårnet. Der er det kveldskingler


Ølen munkane pla brygga her, kan du framleis kjøpa. Det er kun i Belgia at du kan kjøpa øl i ein dyrehage!


Eg elskar lemurar! Dei er kjempeskjønne :) 


Sist gong eg var i Pairi Daiza, hadde eg ein fiskepedikyr i den kinesiske hagen (den største i heile Europa.) Det kitla veldig! 


Her finn du også den største indonesiske hagen i Europa. Der har dei eit elefantbasseng!

 
Timon og Pumba-avdelinga er genialt! Eg tykkjar spesielt surikattar er kjempesøte, det varmar meg frå topp til tå å studera dei.


Kvar gong eg kjem, besøkar eg sjiraffane. 


Slottet er bygd om til å sjå ut som eit akvarium, og her finn du fiskar av alle slag, haiar, pingvinar og selar. Eg fann Nemo!


Det eg likar aller best, er dei sjeldne, store kattane i parken. Her har dei både kvite tigrar og snøleopardar! Veldig flotte dyr, ufatteleg nydeleg.


Ekornapene er noko av det søtaste eg har sett i mitt liv!

Det er eit heilt skip i lagunen! Mersus Emergo er fullt av reptilar, skilpadder og alligatorar som tidlegare har vore kjæledyr her i Belgia og utanom.



Kven likar vel ikkje pandar, både svart/kvite og raude? Dei er totalt nusselege.