Medlemskap i min familie inneber å enten delta i, eller roleg høyra på, diskusjonar om politikk og historie, frå argument om nye verdshendingar, til rare og kjensleladde debattar om historiske menneske og konfliktar. Det er ikkje uvanleg at far og eg diskuterer kvifor keisar Franz-Josef mislikte nevøen Franz Ferdinand så sterkt, og konsekvensane av konflikten deira, i timevis. Du kan godt seia at me er ein familie av bok-glade, historie-elskarar. Det skriv eg stolt ned
Og det var dette som til dels var grunnen til at eg ''nominerte'' Budapest då me vernepliktige skulle velja kor me skulle dra på velferdstur. Eigentleg hadde eg sett føre meg å dra til Roma eller Lisboa, eller kanskje Barcelona, men så poppa Budapest inn i knollen min. Det var eit Proust-verdig augneblikk. Eg sat og hakka rosenkål då eg plutseleg byrja å tenkja på Mozart og keisar Josef II, som me nok alle gjer frå tid til annan, og eit par tankar seinare bobla eit gamalt ynske om å dra til Budapest opp til overflata. Etter det klarte eg ikkje tenkja på noko anna. Eg hadde allereie bestilt og planlagt ein tur til Wien i februar, og tenkte at å sjå begge hovudstadane i Austerrike-Ungarn ville vore interessant. Som sagt er eg ein historienerd, med ei nesten mistenksam interesse for Habsburg-dynastiet.
Utanom
historie var Budapest også eit fantastisk val fordi nesten alt –
frå maten til språket og kulturen – var nytt og spennande.
Sjølv om eg likar å tenkja på meg sjølv som relativt reisevant,
hadde eg så vidt vore i Aust-Europa før. Før Budapest hadde eg
berre vore i Tsjekkia (og då berre Praha) og Russland (Moskva +
Sibir, men det er vel teknisk sett ikkje eingong Europa) i 2008 og
2012. Og på ein underleg måte, gjorde denne totale mangelen på
kunnskap heile turen meir interessant.
Budapest
vert ofte rekna som ein av dei vakraste byane i Europa, og sjølv i
evig-triste januar var det ikkje vanskeleg å skjøna kvifor. Som
nemnd var Budapest, saman med Wien, ein av to hovudstadar i
Austerrike-Ungarn frå 1873 (då byane Buda, Pest og Óbuda vart
samla) til 1918, og overalt du går, ser du spor av sjarmerande
austerriksk arkitektur. Breie boulevardar med vier-liknande
trikkespor, og elegante, belle époque-bygningar dominerer sentrum,
med kyrkjer i gotisk og barokk stil her og der, og, ikkje minst, dei
majestetiske og nydeleg designa bruene som bind 'Buda' og 'Pest'
saman. Naturleg nok er det også ein del ungarsk arkitektur, spesielt
i Buda; heile område fulle av mangefarga hus og tak, og smale
brusteinsgater som spreier seg som årene i eit blad...
Likar du å eta, er Budapest ein god stad å vera, i alle fall om du likar middagar, og då spesielt om du likar middagar med forunderleg store bønner. Gulasj er den mest kjende ungarske retten: ei fantastisk raudfarga suppe med urter og buljong og store stykke kjøt, nudlar og ja, bønner. Utanfor Ungarn vert ofte gulasj servert som ein halvtjukk gryterett, men visstnok er det vanskeleg å finna ''skikkeleg gulasj'' i utlandet. Det var i alle fall det eg vart fortalt av eit dusin ungarar. Gryterett-gulasj er altså heilagbrot. Autentisk gulasj, derimot, er nydeleg, og vel verdt å prøva. Schnitzel dukkar også ofte opp på menyar og er sikkert dei beste eg har nokon sinne ete utanfor Wien. (Det verker som om kokekunstene i Austerrike og Ungarn har mykje til felles. I Wien fann eg mange lokale versjonar av tradisjonelle ungarske retter også.)
Eg prøvde også å utforska ungarske kaker, men dei kjende kakene Dobos Torta (sukkerkake med karamell) og Estérhazy Torta (ei anna sukkerkake) var så langt som eg kom. Det vart eit par turar på oss til billege restaurantar, men som regel vart lunsj hoppa over til fordel for middag. Og middag, damer og herrar, i alle fall på laurdagen, var ein stor fest. Eg kunne ikkje reisa heile vegen til Budapest utan å eta på den verdskjente New York Café, ofte rekna som ''den vakraste kafeen i verda''. Om eit Versailles av kafear nokon sinne skulle kårast, ville NYC ha vunne garantert. Kafeen er utsøkt, rett og slett. Og sikkert den beste plassen i Budapest å feira 21-års-dagen min :) Var ein fantastisk dag.
Heilt til slutt: me budde i ei fabelaktig 4* Senator-leilegheit rett i sentrum av Budapest. Senator tilbyr mange forskjellige typar leilegheiter, i ymse storleikar og standardar, men vår var omlag 100 kvadratmeter med tre soverom, to bad, eit fullt utstyr kjøkken, ei stor stove og ein gigantisk balkong. Det var ufatteleg billig også: for opp til åtte menneske, ei heil helg, kosta det berre 1600 kroner, delt mellom oss fem. Du kan kikka på leilegheita her: http://www.senatorbudapest.com/