Når eg fortel franskmenn at eg pla bu i Rennes, er det gjennomsnittlege svaret noko i denne duren som men... kvifor i alle dagar gjer du det? Kvifor vil ein utlending frivillig bu i Bretagne, og ikkje i, til dømes, Provençe eller Paris? Så høyrer dei at eg er norsk, og haldninga forandrast med ein gong til ''Ååå... så Bretagne er eit tropisk paradis for deg, då?'' (Vel, nei. Eg kjem faktisk ikkje frå Nordpolen. Elles takk)
Rennes er sjeldan markert på turistruta, men eg skjønar ikkje heilt kvifor. Det er ein liten by, men ein som er full av historie og interessante ting og tang å sjå, slik som parlamentet som vart designa av karane som bygde Versailles, og kvartala frå Mellomalderen. Sjølvsagt har me jo maten òg, veit du. La meg berre klargjera fyrst at Rennes er ingen Paris. Du skjønar det at sjølv om Rennes har mange greie restaurantar og spesialitetsbutikkar – slik som den som berre sel chocolate chip cookies av alle slag – har byen veldig få gode plassar.
Likevel
er det eit par matplassar eg gjerne vil dela med dykk. Eg ser på det
som ei offentleg teneste. Den fyrste er gullstjerna i Rennes sitt
kulinariske kart, Marché des Lices. Dette er det største
marknaden utanfor Paris, og det nest største i Frankrike. Det er
heilt enormt! Fyrst er det jo sjølvsagt ei grønsaks- og
fruktavdeling, omlag like stor som ein fotballbane, deretter to
mindre avdelingar dedikerte til fisk- og kjøtprodukt, og til slutt
to svære innandørsmarknader, der dei sel brød, lokale
spesialprodukt, ost, kaker osb. Det er kaotisk, fullt av liv og
veldig, veldig fransk. Rett på sida av marknaden er rue
Saint-Michel, ei populær gate full av barar. På lokalsleng kallar
me ho berre for la rue de la soif, eller tørstegata, fordi
kvar torsdagskveld er det bokstaveleg talt galskap her. Å koma seg
gjennom den folkemengda er like vanskeleg som å symja gjennom eit
fjell, men for dei av dykk som vert plaga av feststemte studentar som
vert fulle og tissar på gatene (eller om du for den del er ein av
dei), er rue Saint-Michel ein ganske kul plass å vera.
Og
så har du jo crêperia. No er eg ein av dei som alltid har påstått
at Crêperie Saint-Georges lagar dei beste galettes
(bokkveitepannekaker) og crêpes in Rennes. Men eit par av mine
klassekameratane mine insisterte på at dette ikkje var sant, og
meinte i staden av Crêperie Ouzhtaol var langt betre. Dette
betydde jo at me måtte ha ein crêperie-konkurranse for å sjå kva
for eit var best. Og sjølv om eg eigentleg ikkje har så veldig lyst
til å skrøyta, så vil eg berre seia dette: Eg hadde rett.
Crêperie
Ouzhtaol er ikkje dårleg på nokon måte, men Saint-Georges er
framleis eit par hakk over. Deira supertynne – nesten
gjennomsiktige – crêpes, servert med fløyelsmjuk smelta sjokolade
og brende mandelskiver, er grunn nok til å reisa til Rennes. Og
ikkje nemn galettane; tynne og sprø, med perfekte spegelegg, ei
skive av møyr skinke, tomatsaus og smelta geitost, som klistrar seg
på leppene, noko som, det innrømmer du nok sjølv, også er ganske
søtt på den rette personen.
No
veit eg at dette dreg litt ut, og at de sikkert har mange betre ting
å gjera på, slik som å lesa, dansa, eller eta brokkoli i senga,
men før eg forlet Rennes, vil eg fortelja dykk om Bistrot à
Tartines. Det er ærleg talt den beste matplassen i byen; ikkje
berre på grunn av maten, men òg for dei sjarmerande
førkigs-Paris-kafédekorasjonanen deira. Tartinane (smørbrød)
deira er varme og sprø, med ei seig skorpe, søt geitost med
knasande havsalt, og små cherrytomatar eller steikte pærer, og av
og til litt pepar. Himmelsk.
Eg
kunne hatt forsett, men eg trur eg let det vera. Det for vera nok om
Rennes. Eg lar dykk vera med bilete av byen, og de finn alle
adressene her.
Ha
ei strålande veke vener!
PS:
Har du sjansen, må
du ta metroen. Rennes er nemleg verdas minste by som har ein metro.
Stilig, sant?
LE HARICOT ROUGE
JULEMARKNADEN
PARC DU THABOR
DET BRETONSKE PARLAMENTET
RENNES SITT MELLOMALDER KVARTER
KATEDRALEN I RENNES
OPERAEN
SAINTE-ANNE
SKOG UTANFOR RENNES