Turistvandring i Paris | Frankrike



Paris har vore kalla mange ting opp gjennom historia: kjærleiksbyen, byen av lys, revolusjonsbyen, kunstarbyen osb. Men for meg har Paris alltid vore, og kjem sikkert alltid å vera, sniglebyen. Dette seier eg ikkje som eit hint til den totalt klisjé ideen om at alle franskmenn sit og et sniglar til middag (spesielt sidan det er ein forrett), men rett og slett pga. fasongen. Paris er nemleg forma som ein sniglehus. Arrondissementa, eller kvartala, går rundt og rundt, likt eit sniglehus (sjå her), n'est-ce pas?


Og lik restaurantsniglar er Paris ein veldig dyr by, men om du ikkje er her på handletur så er det no slik at du treng meir tid enn pengar for å få sett mykje. Eg har som fast regel å ikkje diskutera politikk her på bloggen uansett kor mykje dei freistar, men éin ting skal vera sagt: når du er i Paris, er det veldig kjekt at Noreg er ein del av EØS. Då er det nemleg gratis å blant anna besøka attraksjonar slik som Louvre, taket på Notre Dame de Paris, Panthéon og taket på Triumfbogen om du er under 25/26. I tillegg er prisen redusert og ofte halvert av same årsak i attraksjonar slik som katakombane. Så slik sett går det an å fått sett det meste utan at det kostar deg ei einaste krone, spesielt om du er lik meg og det å gå rundt omkring er kjekkare enn å verta skvisa inn i ein metro.


Av ein eller annan grunn har eg alltid likt Eiffeltårnet. Vanlegvis når eg ser eit kjent monument, vert eg berre skuffa, likt eit barn som har gledd seg til julaftan i håpet om at foreldra endeleg hadde investert i hunden han/ho ynskte seg, men som grundig skuffa fann ut at dei hadde kjøpt ein gullfisk i staden. Denne følelsen hadde eg blant anna på den Kinesiske Muren nær Beijing (veldig imponerande i ti minutt, før han forvandlar seg til ein vanleg, uendeleg lang, mur), Mannekin Pis i Brussel (som berre er ein liten gut som tissar i ein fontene), og Fridomsgudinna i New York (ein stor, turkis statue). Men Eiffeltårnet har aldri mista magien, og kvar gong eg ser det, får eg ei herleg kjensle av nostalgi og ro. Rett nok har eg aldri hatt nokon spesiell romantisk oppleving der, men eg kjem aldri til å gløyma den gongen då mor la hovudet på skakke, tenkte seg om, og sa: ''Du, det ser jo ikkje så altfor skeivt ut!'' Det- skeive-tårnet-i-Paris-spøken vart født den dagen.



I gangavstand frå Eiffeltårnet ligg mange av Paris sine kjente attraksjonar, sjølv om du av og til må gå eit heilt stykke. Når vêret er fint (dvs. ikkje så veldig ofte), likar eg å ta spaserturen frå tårnet til Triumfbogen (verd å besøka for utsikta si skuld), ned Champs-Élysées og vidare til Louvre. Går eg i tillegg heilt frå min faste bustad i Paris, får eg sett Les Invalides – militærakademiet, der blant anna Napoléon ligg gravlagd – og UNESCO-hovudkvarteret. Alt i alt tar det kanskje ein time frå sofa til shoppingstrøk, men det er ein fin måte å få sett byen på. 


Champs-Élysées er eg som regel lite oppmerksam på, ettersom Paris si hovudgata er litt vel dyr og snobbete for meg, for ikkje å snakka om utruleg lang. I Louis Vuitton-butikken har dei til og med ei eiga vakt som sjekkar om du er den type person som har råd til å kjøpa noko i butikken, før han eventuelt slepper deg inn, og det synest eg er i det drygaste laget for eit merke som har same mønster på omtrent alt dei sel. I staden vert det som regel avslapping i Tuilerie-parken før Louvre står på tur. Vanlegvis er eg ingen kunstnarentusiast, men Louvre er Louvre, og Louvre er noko heilt anna enn museum som ikkje er Louvre. For det fyrste er slottet i seg sjølv nydeleg. Det pla trass alt vera det offisielle palasset til kongane av Frankrike før Louis XIV flytta hoffet til Versailles og vesle Louvre vart hytta deira i staden.



Museet i seg sjølv har som kjent mykje å by på, frå skulpturar laga av Michelangelo til romerske/greske kunstruinar til renessansemåleri. Difor er det ofte godt å vita akkurat kvar for nokre kunstverk du vil sjå, når du kjem. Museet har heile 26 km med gangar, og du kan bruka meir tid og krefter enn nødvendig om du ikkje veit kva har kome for å sjå. Og eit stort bonus med all kjendishysteriet rundt vesle Mona Lisa er at mykje av museet er relativt tomt, så ingen kø og olbogekriging, med unntak av områda rundt Venus frå Milo og Michelangelo sine verk.




Frå Louvre har turen ofte gått vidare forbi operaen og opp til Montmartre. Dette område er eit av dei koselegaste i byen, med små, snirklete gater, vindmøller og skeive, fargerike hus i sterk kontrast til dei breie boulevardane og flotte bygningane resten av byen byr på. Moulin Rouge er ikkje meir enn ei turistfella, det same er Paris sin einaste, vesle vingard, men Sacré Cœur er skjønn. Kyrkja ser kanskje ut som ein gigantisk marshmallow, men trass alt er det det som gjer henne spesiell. Uheldigvis er det ulovleg å ta bilete på innsida sidan kyrkja ennå er aktivt i bruk, men du kan få tatt nydelege utsiktsbilete av Paris. Montmartre er kjent som kunstnarkvartalet i Paris, og kjentfolk som Vincent van Gogh og Picasso pla bu her – det går ennå an å sjå kor dei budde og arbeidde om du vil.













Montmartre ikkje freistar, kan du venda nasen mot aust frå Louvre til Place de la Concorde. Noko av det eg likar best i storbyar, er rett og slett å sitja ned i ein plass, plaza eller place med eit kopp kaffi i handa og observera lokalbefolkninga (og andre turistar). I Paris er favorittplassen min Place de la Concorde, som ikkje berre har ei ypparleg plassering, men òg ei interessant historie. Plassen (anno 1755) pla vera kalla Place Louis XV før han vart Place de la Révolution, Place de la Concorde, Place Louis XVI og tilbake til Place de la Concorde igjen.

Under den store franske revolusjonen var det på denne plassen at folk vart guillotinenerte, og Louis XVI, Marie Antoinette, Georges Danton og Maximilien Robespierre var blant dei som døydde her. På same plassen der guillotinen pla vera, står det no ein egyptisk obelisk. Obelisken vart laga under Ramses II for omlag 3500 sidan, og pla vakta inngangen til tempelet i Luxor. Elles er plassen i seg sjølv dekorert med mykje symbolikk. På kvart av dei åtte hjørna er ein statue som representerer ymse franske byar: Brest, Rouen, Lyon, Marseille, Bordeaux, Nantes, Lille og Strasbourg. Dei to fontenene på kvar si side representerer elver og hav. Fontena i nord representerer Rhônen og Rhinen, medan fontena i sør representerer Atlanterhavet og Middelhavet.




Litt sørover for Place de la Concorde ligg femte arrondissement, og det verdskjente Sorbonne-universitetet. I nærleiken av universitetet ligg Panthéon, ein slags miniversjon av bygningen med same namn i Roma. Vanlegvis freistar ikkje besøk til gravplassar noko særleg, men Panthéon er annleis. Kanskje det er den vakre arkitekturen som freistar, men så ligg mange kjente folk her òg, spesielt vitskapsmenn, inkludert Jean-Jacques Rousseau, Voltaire, Marie & Pierre Curie, Victor Hugo og Alexandre Dumas. 

Det er éin gravplass til som er verd å stikka innom i Paris – i 14 arrondissement, litt lenger vest for Panthéon. Katakombane (les Catacombes) er siste kvileplass for omlag seks millionar parisarar som har døydd ein eller annan gong dei siste tusen åra, og verdas største nekropolis. Hovudskallane deira pyntar veggane i dei mørke gangane, så det er litt vel dystert, men ikkje mindre fascinerande av den grunn. Viss du har god tid i byen anbefaler eg absolutt ein tur ned dit. Ein annan uortodoks tur du kan ta i Paris, er ein guida tur i kloakkanlegget. Inngangen er gratis, og det er skilt som fortel deg akkurat kor du er i byen til ei kvar tid, så om du er lei av metroen og trafikk, kan eg lova deg at det finst ingen av delane der nede.





Sist men ikkje minst står fjerde arrondissement for tur, i hjarta av Paris. Her ligg den vakre fontena ved Saint-Michel, det interessante jødiske kvartalet Pletzl, fleire kyrkjer, Seine-elva, Conciergerie-slottet, som har nokre av dei få teikna på at Paris var okkupert under krigen, og ikkje minst, Notre Dame de Paris. Greitt, katedralar er ein desidert klisjé, og denne katedralen er verken finare eller styggare enn andre i Europa, snarare tvert imot. Likevel fortener Notre Dame ein plass på lista fordi han har spela ei stor rolle i Paris si historie – og i fransk litteratur. Katedralen heldt på å verta riven ned på 1800-talet då arkitekten Haussman moderniserte Paris frå å vera ein mellomalderprega-by med tjukke murar (som tullingen reiv ned), til byen med boulevardane og klassiske bygg me kjenner i dag. Arkitekten meinte at Notre Dame òg var for gamaldags, og håpa på å få riva han ned og byggja ein ny i staden.





Dette mislikte forfattaren Victor Hugo, så han skreiv ei pro-Notre Dame bok i håp om å få parisarane til å verta glade i katedralen sin. Boka heitte Notre Dame de Paris, eller på norsk Ringaren i Notre Dame. Det seiest at Hugo ikkje likte omrsetjingane av boka, fordi i den franske versjonen har katedralen sjølv hovudrollen, medan i dei utanlandske omsetjingane vart fokuset størst på Quasimodo og Esméralda. Men Hugo lykkast med kampanjen sin, og katedralen vart både spart og restaurert.  For meg er katedralen finast på taket, der du får ei utruleg fin utsikt over heile byen.










Elles er det mykje anna å sjå i byen: Luxembourg-parken, som er herleg og skjønn, Saint-Denis-katedralen, der dei franske kongane vart gravlagde, andre museum og slottet over alle slott: Versailles. Alle desse plassane er verde å stikka innom éin gong i livet. Paris er ein utruleg fin by, og dei forskjellige kvartala er ikkje like kvarandre, men vakre likevel. Som regel reiser eg berre til Paris for å eta meg mett (meir om det snart), men det skal vera sagt at det er ikkje utan grunn at Paris er verdas mest besøkte by.

Eiffeltårnet: Om du synest køen er altfor lang ved Eiffeltårnet, kan du gå opp trappene. Det er nesten aldri kø ved trappeinngangen, og billetten er billigare. Om du synest det vert litt tungt, kan du ta heisen frå og med andre etasje til toppen.




























Louvre: Museet har tre inngangar. Den meste kjente er nok hovudinngangen, der folk i høgsesong kan måtta venta i timevis, men det turistar ofte ikkje veit, er at du kan òg koma inn via metroen, og ikkje minst, ein mindre, liten inngang på hjørnet, der du vanlegvis ikkje ventar meir enn eit kvarter. Denne inngangen er òg nærmast Mona Lisa. Her er eit bilete av koss han ser ut, om du ikkje har lyst å stå i kø :)

Gratistur: Du kan ta ein ''Sandemans Free Tour'' av Paris. Gåturen varer i omlag to timar og tar deg gjennom det meste av sentrum – utanfor Notre Dame, Louvre og andre kjente plassar. Du får òg læra all slags kule fakta om byen; kva som skjedde på denne brua, kvifor dette hjørnet har ein annan farge enn det neste osb. Same arrangøren har òg betalte turar. For €13 kan du ta ein tur med dei i Montmartre, der du får sjå kor folk slik som Vincent van Gogh, Picasso og andre kunstnarar budde, samt  anna interessante saker.






LES INVALIDES 





THE SEINE






POILANE BAKERY




TEA HOUSE AT PARIS MOSQUE